SnøggFLØRTING i Nordfjord :-)

 

• Er du interessert i lokalmat?
• Driv du eiga verksemd relatert til lokalmat?
• Ønskjer du å etablere eiga verksemd innan lokalmat?
• Driv du gardsrestaurant, kafe eller serveringslokale?
• Driv du overnatting med serveringstilbod?

Fleire aktørar og meir lokalmat
Fylkesmannen med samarbeidspartar inviterer deg til inspirasjon om lokalmat. Hanne Frosta, med anna vinnar av I. E. Hovigs Matkulturpris i 2010 og matattachè i Hordaland, Gunnar Nagell Dahl kjem til Nordfjord med sin entusiasme for norske råvarer.

Sett av dagen for spennande føredrag og gode smaksopplevingar!
Invitasjon med program og påmelding kjem om kort tid.

Stad: Gloppen Hotell, Sandane i Nordfjord
Tid: onsdag 20. november frå kl. 11:00

Røynd og dyktig kokk Hanne Frostad, kjend som Bondelagskokk og vinnar av Ingrid E. Hovigs Matkulturpris og matattachè i Hordaland Gunnar Nagell Dahl kjem til Nordfjord 20.november – kjem du?
Invitasjon, program og info om påmelding kjem snart.

Med helsing

Marit Hjortung
Rådgjevar

Mjølkeforedling noko for deg?


SJH
Dato: 23. oktober 2013

Klokka: 09:45 – 17:15

Pris: 300

Stad: Gloppen Hotell, Sandane


Om kurset/påmelding:

Korleis komme i gang med foredling av mjølk. Marknaden etterspør mjølkeprodukt med karrakter og smak, vi importerer store mengder spesialitetsostar. Har mjølka vår potensial til å bli til delikatessar som markanden etterspør? Vi tek pulsen på dette spørsmålet denne dagen. Seminaret/dagen passar for alle som er nyfikne på tema, bonde eller ikkje, ide til oppstart av mjølkeforedling eller ikkje.

Sjå meir info om kurset og påmelding:

http://landbrukskurs.no/kurs/mjolkeforedling/