Julemarknad på Nordfjord Folkemuseum

Laurdag 14. desember kl. 12.00 til 15.00, Nordfjord Folkemuseum
God gamaldags julestemning på Nordfjord Folkemuseum!I år inviterer Nordfjord Folkemuseum til god gamaldags julestemning med marknad og verkstader både ute og inne. Vi pynter tunet med granbar og julenek, og fyrer opp i grua i eldhuset og fargeriet. Det blir aktivitetar for både store og små, som garantert vil få deg i julestemning! Smakebitar frå programmet er: juleverkstad for born, kurs i sukkerøl, sal av tradisjonsmat, hestekjøring i Jølet og skumringstime!

Julegåvehandel
Det blir høve å handle julegåver, for både gardmatprodusentar og handverkarar vil selje sine produkt. Museet samarbeidar med Matamål, som vil sørge for at lokale produsentar av tradisjonsmat er på plass. Lefser og gombe, juleeple, varm eplegløgg og rømmegraut er noko av det du kan få kjøpt her. Handverksgruppa ARV vil også vere representert, og vil syne fram handverk som veving, treskjæring og rosemåling. Kom og sjå korleis dei arbeider, og kanskje finn du ei skikkeleg godbit av ei julegåve!

Kurs i brygging av sukkerøl

Har du alltid hatt lyst til å lære å brygge dit eige sukkerøl til jul? No har du sjansen å lære det av nokon som kan det! Matamål skiper til kurs der du lærer alt du treng å vite for å komme i gang sjølv. Meldt deg på kurs, eller berre stikk innom på dagen for å få eit lite glimt av denne førjulsaktiviteten prega av einerlukt.

Juleverkstad og hesteskyss
Det blir juleverkstad for born, born med foreldre kan komme å lage julepynt slik dei laga i gamle dagar. Og for ein liten sum kan alle få prøve seg på å støype lys! Ute i Jølet blir det høve å ta ein kjøretur med hest og slede eller vogn, alt etter føret. I eldhuset er det fyrt opp i grua, og her kan du bli med på takkebakst. Sjølvsagt får du smake på det du har baka! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?

Skumringstime

På ettermiddagen tenner vi lyktene i ei av dei gamle stovene, og det blir ei stemningsfull skumringstime med Elin Grytting. Kom og høyr om den forventningsfulle førjulsstemninga i ord og tonar.

Familiedag
Vi gleder oss til god, gamaldags julestemning på museet, og inviterar born i alle aldre til å ta på seg nisselua, kom som den fjøsnissen du er! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?

Gratis inngang. Velkommen til ein triveleg, tradisjonsrik julemarknad!

 

Husk snøggFLØRTEN på Gloppen Hotell – påmeldingsfrist torsdag 14. november

 

Invitasjon er vedlagt.

Lenke til påmelding for snøggFLØRTING i Nordfjord;

http://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Kurs-og-konferansar/snoggFLORTING-i-Nordfjord/

og klikk på «Påmeldingsskjema».

INVITASJON snøggFLØRTING I NORDFJORD

Fleire aktørar og meir lokalmat Fylkesmannen med samarbeidspartar inviterer til inspirasjon om lokalmat 20.november på Gloppen Hotell.

Den kjende kokken og restauranteigaren, Hanne Frostad, og Hordaland si matattachè, Gunnar Nagell Dahl, kjem til Nordfjord med sin entusiasme for norske råvarer. Denne dagen blir det inspirerande føredrag og gode smaksopplevingar. Erfaringsutveksling, nye kontakter og nettverksbygging er stikkord denne dagen.

Stad: Gloppen Hotell, Sandane

Tid: Onsdag 20. november frå kl. 11:00

Inspirasjonssamlinga er bedriftsretta. Lurer du på om det er ein marknad for å starte foredling av lokalmat? Har du allereie drive eiga verksemd eitt år eller i mange år? Då er dette noko for deg.

Meir info og påmelding: http://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Kurs-og-konferansar/snoggFLORTING-i-Nordfjord/