Matamålfestivalen vert 24. – 29. september 2014

«Alltid siste helga i september» er nesten rett, vi startar på onsdag den 24. september med gratis hybelmatkurs med Bodil Fjellestad Eikrem for Firda-elevane. Samme dag vert det tilbod for ungdomskule-elevane i Gloppen med undervisning på Nordfjord Folkemuseum. Her vert fokuset på frukthage, eple og eplemostpressing.  Hovudrammene for programmet resten av veka er snart klart, vi vil sleppe dette etterkvart på sidene våre her og på facebook. Vi ynskjer å gjenta suksessar frå tidlegare festivalar, men vil og prøve å fornye oss ein del.  Torgdagen er som alltid på laurdag i Sandane sentrum med mange matstand med god lokalmat. Seinare på kvelden vert  det Matamål-festmiddag på Gloppen Hotell. Kven som vert med her og kva som skjer meir denne kvelden, kjem snart.   Følg med oss her på kva spanande arrangement du kan delta på under Matamål-festivalen 2014.