Årets matprodusent i Sogn og Fjordane

”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” skal kårast. Er du produsent eller kjenner du nokon som fortener utmerkinga ”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane”?

Klikk her for utfylling av kandidat og grunngjeving: Årets Matprodusent

Har du forslag til Årets Matprodusent, så send begrunna forslag (sjå vedlagt skjema til utfylling)

Prisen på kr. 10.000 skal delast ut på AgroNordVest 31. oktober 2014 i Loen. Sjå statuttar under.

Nomineringa skal vere skriftleg og grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no

 

Statuttar
§1
”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” er ei utmerking som vert gjeven
første år i 2011 til ein person / gardsbruk som vektlegg spesielt å produsere
matvarer eller råstoff av beste kvalitet og under kvalitetssikra tilhøve.
Utmerkinga skal også formidle at landbruket har fokus på kvalitet i alle ledd,
at helse, miljø og tryggleik er ivareteke, og at god dyrehelse og dyrevelferd
er prioriterte område. Produksjonen skal vere sunn og økonomisk berekraftig.
§2
Samyrkeorganisasjonane, faglaga og matprodusentane i Sogn og Fjordane
får invitasjon til å nominere kandidatar. Nomineringa skal vere skriftleg og
grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no
§3
I juryen er personar med god kontakt i sektorane grønt, kjøt og mjølk.
§4
Prisen vert delt ut for 4. gong fredag den 31. oktober 2014 på AgroNordVest i
Loen. Kvar kandidat kan bli tildelt prisen ein gong.
§5
Prisen er på kr. 10.000 og diplom.