Matamålfestivalen 2015 vert 23. – 27. september

«Alltid siste helga i september» står ved lag i 2015 og. Styringsgruppa er godt i gang med eit spanande festivalprogram og påmeldingane til torgdagen tikkar inn kvar dag no. Etter påmeldingsfristen 31. mai går prisen opp, så ikkje nøl med å meld deg på no om du har mat/drikke du ynskjer å selge laurdag den 26. september i Sandane sentrum frå 10.00 – 16.00.

Torgdagen er som tidlegare på Heradsplassen i Sandane sentrum. Det vert under Torgdagen ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne noko.

 

PS: Viktig at de melder kva de ynskjer å leige og kva trong de har på straum ved påmeldinga.

 

Prisar eks. mva: Standplass  kr 600,-  ved påmelding innan 31. mai, etter kr. 850.

Telt 3x3m                                                     kr. 250,-

Standbord 182x74x74                                  kr. 200,-

Stol                                                               kr.   50,-

Straum 1, 1 stk. 10 amp                               kr  100,-

Straum 2, 1 stk. 16 amp                               kr. 200,-

Straum 3, 2 stk. 16 amp og meir                  kr. 400,-

 

Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale

Velkomen til den 6. Matamålfestivalen, i år har vi sikra oss godt ver 🙂  (og vi har også ein plan B)