I helga som kjem bør du nyte maten ute

Det er oppfordringa frå Matamålfestivalen. I år etter år har festivalen skapt liv, røre og matglede på Sandane. Veka som kjem er inget unntak, og laurdag 29. september vert det på nytt yrande lokalmatmarknad, open gard med dyr og aktivitetar for store og små på Heraldsplassen.

Matamål har blitt eit utruleg populært arrangement. I fjor sette vi ny rekord med besøkande og vi håpar at det også i år er mange som tek turen innom for å kose seg saman med familie og venner, seier Ingvill Hestenes som er med å arrangere Matamål. 

Matfestivalen tjuvstarta allereie forrige veke med Smakskveld hos Piknikkkurven som også stiller på stand under Torgdagen laurdag 29. september. Då tek dei over torget saman med over 40 andre spennande utstillarar av frukt og grønt, kjøtt, fisk, skaldyr, bakst og bakevarer, ost og diverse.

Også i år har vi eit breitt utval av utstillarar og aktivitetar for både store og små. Så dette vert eit supert arrangement for heile familien. Borna kan spesielt glede seg til open gard med dyr, smed og hovslagar, hesteriding med Stall Rygg,  farmenkonkurransar og Barnas Matamål, fortel Hestenes.

Hybelmat og lokalmatgilde

Matamål arrangerer også kurs for studentar som vil lære seg å lage god og sunn hybelmat. Kjøkkensjef frå Gloppen Hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, har regien. Kurset skulle eigentleg arrangerast onsdag 26. september, men er utsett til etter haustferien onsdag 17. oktober. 

Dette kurset har berre 20 plassar og vert alltid fullbooka, så her må ein berre hive seg på medan ein kan, oppmodar Hestenes.

Lokalmatgilde i Kjellaren til Gloppen Hotell laurdagskveld har óg avgrensa med plassar, men har framleis billettar ute for sal for dei som vil vere med. Her vert det dekka på langbord med kaggar og lokal mat frå Gloppen, lammelår og skankar.

Etter middagen spelar trioen Vi3 opp til dans med irske låtar, dans- og festmusikk. Så her vert det god stemning, lovar Hestenes.  

Dei som vil vere med kan velje mellom å ta den heilt ut med heilaftens-middag og live musikk eller berre tinge billett til sjølve dansen, informerer ho.

Nytt i år

Laurdag 29. september blir det Inspirasjonsmøte for serveringsverksemder i Nordfjord på programmet. Nytt i år er også Trivselsskogen – Mat i Naturen som vert arrangert på søndag 30. september, og opning av Trygg i Naturen ved generalsekretær i Den Norske Turistforening Nils Øverås.

Vi vil gjerne invitere alle som vil til å bli med oss å nyte maten ute i naturen på søndag. Då tek vi i bruk det nye og flotte gapahukområde som vi har fått i Trivselsskogen og lagar mat over open eld.

 

Heile programmet til Matamål finn du her

 

Desse kjem på Torgdagen laurdag 29. september

Lokalmat Matamål

Det nærmar seg Matamål 2018 og vi har endeleg klar ei liste over utstillarar som skal vere med på Tordagen laurdag 29. september kl. 10-16. Tradisjon tru vert Sandane sentrum forvandla til eit yrande matmarknad denne dagen med mange spennande smakar og aktivitetar. Lista vår har mange kjende og kjære, så vel som nye utstillarar. Det gleder oss å sjå at her er mange som er med år etter år, og vi håpar at lista vil fortsette å vekse fram mot Torgdagen. 

Påmelde så langt:

Frukt og Grønt

  • Gardsbrenneriet (most, grønsaker) 
  • Høgt og Vilt (te, krydder, urter)
  • Mo og Jølster vgs, gardsutsal (grønsaker, poteter)
  • JUV (sylte, saft, hermetiserte bær)
  • Sunnfjord Naturmat (pesto, chutney m.m. Alt hausta i naturen)
  • Gloppen Produsentlag (frukt og poteter)
  • Påldtun Frukt og Bær (drikkeklar saft, syltetøy, gelear, hermetisk frukt, sirup, handmat av dessert)
  • Hageselskapet i Gloppen (smaksprøver frå hagen)

Kjøtt og kjøttprodukt 

  • Fjord Gardsmat (pølser, burgerkjøtt)
  • Jevnlidgården (spekepølse, kjøttbolar, julepølse)
  • Kandal Kjøtt (kjøttprodukt av geit og kje)
  • Kandalteltet med Neretunet, Løvland Gard, Nyheim Gard, Vanberg Gard, Sølvane Gard og Nes Gard (ferskkjøtt, spekemat, varmmat, skinn)
  • Norges Mat (pølser)
  • Gloppen Hotell (karbonader, pålegg)
  • Matamål (sal middag, sosekjøtt med råvarer frå Nordfjord kjøtt og vatn frå Oldenvatn)

Fisk, skalldyr og fiskeprodukt

  • Kystkulturlaget i Vågsøy (tørrsild)
  • Svanøy Laks (kaldrøykt- og varmrøykt laks)
  • Båten Iris (sal av sjøkreps)
  • Frøysagarden (røykelaks)
  • Nordfjordbåtlaget (kokte krabber, fiskesuppe, svele, saft og kaffi)

Bakst og bakevarer 

  • Mor Sigfrids Bakst (natronkaker, lefse og gombe)
  • Gloppen Bygdekvinnelag (kakebord)
  • Håjen (lefse, flatbrød, natronkaker, fiskebrød)
  • Natronkaker Kårstad (natronkaker)
  • Ferske Smakar (kaker og konditorivarer)
  • Vaffleriet (minipannekaker og sirupsvafler)
  • Fjellestad Gardskjøken (lefse, gombe, dravle, rømegraut, skvettebørd (fiskelefse))

Ost

  • Selseng Gardsysteri (salatost, brun geitost)
  • Tine Ambassadører (smaksprøver ost)

Diverse 

  • Ryssdal Vaktel (vaktelegg)
  • Støylen Egg (økologiske egg)
  • Barnas Matamål (matsal og aktivitetar for store og små)
  • Piknikkurven (nettbutikk med utsal på Sandane)
  • Italienske produkter
  • Amporn Evebø (thaimat)
  • Tokki Thai Mat (thaimat)
  • Sandane Thaimat (thaimat)
  • Branson (traktor)
  • Eik Senteret Førde (traktor)
  • Tystad.no (sal, sørvis og reperasjon – utstyr for skog, heim og hage)
  • Gloppen Bondelag (medarrangør)
  • Sogn og Fjordane Bondelag (medarrangør)
  • Visit Nordfjord
  • Gloppen SV
  • Gloppen SP
Følg med på kva som skjer!

Vi oppdaterer lista etter kvart som vi får fleire påmelde. Om du vil følgje med på kva som skjer på Matamålfestivalen, så finn du oss på Facebook!

Ynskjer du å stille ut på Matamål?

Meld deg på her