Takk for tidenes beste Matamål

Tusen takk til publikum, produsentane og sponsorane våre, og til alle andre som har vore med på å gjere årets festival til tidenes beste Matamål. Utan at de stiller opp og viser de engasjementet de har for lokal mat og drikke hadde det ikkje vore mogleg å arrangere ein slik fantastisk festival år etter år.

I år hadde vi mange spennande arrangement på programmet, og det har vore utruleg kjekt å sjå publikumsdeltakarane våre lære seg nye matkunstar og utforske nye smakar gjennom kursa våre, matquiz, chefsdinner og Torgdagen.

Mat er eit viktig samlingspunkt for mange, også for oss i Matamål. På torgdagen klarte vi å samle fleire produsentar enn nokon sinne. Til glede for mange av dei som kom innom for å smake og handle. Saman forvandla vi Sandane sentrum til ein yrande lokalmatmarknad, og det var mange glade fjes å sjå i Farmen-området med alle dei kjekke aktivitetane som føregjekk der.

Vi har fått mange varme tilbakemeldingar frå dei som deltok, både produsentar og publikum. Produsentane har meldt om godt sal og alle seier at dei vil komme tilbake neste år! Det er dette som er drivkrafta som vi tek oss med vidare. Vi vil skape matopplevingar som samlar oss til nye Matamål!

Nok ein gong ein stor takk!

Vi sjåast på Matamål 2018!

Mvh
Sigmund Vereide
Festivalansvarleg

P.S

Her kan du sjå alle dei flotte bilda frå Torgdagen. 

Den største Torgdagen nokosinne

Det er under ei veke igjen til Matamålfestivalen tek over Sandane og allereie klart at Torgdagen 30. september blir den største nokosinne med over 50 utstillarar.

– 6 av desse er med på festivalen for første gang, og det er utruleg kjekt å sjå at Matamål held fram med å vekse seg større, fortel festivalansvarleg Sigmund Vereide.

Dei nye produsentane som stiller er Abbel med tradisjonsmat av kjøt og fisk frå Davik, Selseng Gardsysteri med ekte brun geitost og salatost, Sølvane Gard med geitekjøtt, kjekjøtt og skinn, Krokstad Gardsmat med heimelaga ost og pølser, Maya AS, også kjent som Oliven, og Frøysagarden med cognacmarinert gravlaks, varmrøykt krydderlaks, einerøykt laks, villakssider, seilaks, og sennepssaus. Ei full oversikt over alle dei andre utstillarane finn du på eventsida til Torgdagen.

Tradisjon med noko nytt og spennande

Torgdagen er eit fast innslag på programmet til Matamål med ein yrande lokalmatmarknad på Heradsplassen midt i Sandane sentrum. I år er den på laurdag den 30. september frå kl. 10-16. Her finn ein også farmen-området med gardsdyr, ein ekte smed i arbeid og leik og moro for store og små. Publikum får mellom anna sjansen til å delta i melkespannhalding, øksekasting og skoing av hest, og det blir ordførar-duell mellom Leidulf Gloppestad (Gloppen) og ordførar Alfred Bjørlo (Eid) som møtast til tvekamp i kunnskap.

– Festivalen er variert og tilpassa heile familien. Vi held på dei tradisjonane som vi ser fungerer godt over tid, men samstundes er det også viktig at vi fornyar oss. Det som er nytt og spennande i år er mellom anna Rakfiskkurset og Matquizen, seier Vereide engasjert.

Sjå også: Program Matamål 2017

Lærerike kurs og mange smaksopplevingar

Matamålfestivalen går over 4 dagar frå onsdag 27. oktober t.o.m laurdag 30. september. I tillegg til arrangementa som allereie er nemnde kan ein vere med på kurs i korleis lage billig, god og sunn mat, kurs i finpartering av sau/hjort, smak og lær om fermentert mat hos Piknikkurven.no, og på laurdagskvelden inviterer Gloppen Hotell til Chefs dinner og 6 rettars med vin og god drikke i stovene. Og forventingane til festivalen er store.

– Eg vonar at publikumsoppslutninga blir stor og ynskjer alle produsentane eit god sal når dei riggar seg klar for publikum 30. september. Elles er det mange smaksopplevingar som ventar og eg trur dette blir ein matfest vi seint vil gløyme, smiler Vereide.

Blir du med på festen?

Vis gjerne at du blir med på den store matfesten ved å gå inn på eventen vår på Facebook, og del den gjerne med venner og familie som du veit vil ha glede av å vere med. Vi sjåast på Matamål!

Invitasjon til stand på Torgdagen laurdag 30. september

Matamålfestivalen er den største og beste marknadsplassen for sal av lokalmat mellom Trondheim og Bergen! Tilbakemeldingane frå standane om salet i fjor var gode, og vi har eit trufast publikum som kjem på Torgdagen for å kose seg og handle mykje god mat.

Torgdagen er som tidlegare på Heradsplassen i Sandane sentrum. Under Torgdagen laurdag 30. september vert det også ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne nokre.

I grunnprisen for stand i år, følger det med ein annonseplass i messeavisa samt profilering av bedrifta dykkar på FB og heimeside. Meir detaljert info om dette kjem seinare!

Derfor er grunnleiga høgre i år, men ingen auke på tilleggstenestene.

Prisar eks. mva:

Standplass  kr 1200,-  (ved påmelding innan 21.  mai, etter kr. 1400.)

Telt 3x3m                                                      kr. 350,-

Standbord 182x74x74                                    kr. 250,-

Stol                                                                 kr.   50,-

Straum 1, 1 stk. 10 amp                                 kr  100,-

Straum 2, 1 stk. 16 amp                                 kr. 200,-

Straum 3, 2 stk. 16 amp og meir                    kr. 400,-

 

Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale

 

Påmelding innan 21. mai, då får vi god tid til å planlegge 🙂 

 

Velkomen til den 8. Matamålfestivalen 🙂

 

Følg oss på www.matamål.no og Matamål – matfestivalen i Sogn og Fjordane på facebook 🙂

 

Mvh Sigmund Vereide

Festivalsjef  Matamål/Agro Business Park SA

Program for Matamål klart

Åmotglamping2016_005

Matamål festivalen 2016 nærmar seg med stormskritt. Endeleg er programmet klart og vi gler oss til å sjå både nye og kjente fjes i Sandane sentrum 21 – 25.september.

Vi har i år mykje spennande som skal skje og som du skal få smake på. Torgdagen blir fylt med masse god lokalmat og drikke, frå både nye og gamle produsentar. Det blir fest på Gloppen Hotell og hybelstudentane kan lære seg å lage god, billig og sunn mat av kjøkkensjef Bodil Fjellestad Eikrem. Frukt og eplepressing, pub og konkurranse er ein av dei opplevingane du kan få under årets Matamål – vi gler oss til å sjå deg der!

Sjå program for Matamål her.

Er du produsent med god mat og drikke du vil selge på Torgdagen under Matamål 2016?

Har du god mat/drikke du vil selje på ein av vestlandet sine beste matmarknader? Meld dykk på til Torgdagen 24. september til sariv@online.no 🙂
Prislise:

 Prisar eks. mva: Standplass  kr 700,-  ved påmelding innan 31. mai, etter kr. 900,-

Telt 3x3m                                                     kr. 350,-

Standbord 182x74x74                                  kr. 250,-

Stol                                                               kr.   50,-

Straum 1, 1 stk. 10 amp                               kr  100,-

Straum 2, 1 stk. 16 amp                               kr. 200,-

Straum 3, 2 stk. 16 amp og meir                  kr. 400,-

 

Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale

Påmelding innan 31. mai, då får vi god tid til å planlegge 🙂

Velkomen til den 7. Matamålfestivalen

Matamål 2016 – alltid siste helga i september

Matamål 2016 er under planlegging og festivalen går frå 21. – 25. september. Fjorårets festival var ein stor suksess, og vi arbeider for at årets festival skal bli like god og litt til 🙂 Vi er godt i gang med programmet og med å invitere spanande gjester til Sandane siste helga i september. Torgdagen den 24. september er alltid ein «høgdar» under festivalen. Der vonar vi å setje ny rekord i tal produsentar og omsetning. Det er berre å byrja å gle seg 🙂

NRK Sogn og Fjordane om Matamål 2015:

0xDU4llFMrNmZX0PSZgs-w6D7kjPrA-yREhaFIoT2IRQhttp://www.nrk.no/sognogfjordane/gjekk-tom-for-sosekjot-etter-a-ha-selt-300-porsjonar…-1.12574348

 

Fylkesmesterar i heimebrygging er kåra

Jurien i år var Thomas Hovlandvåg (Kinn bryggeri),  Geir Holmen (ølkelner), Kjartan Lied (Trollbryggeriet) og Preben Moen (Gloppen Øl). Høgt nivå og tøff konkurranse og god geografisk spredning på deltakarane. Her er vinnarane:

Sterk øl:
1. Øystein Grande Bøddelen’s Blod
Første bemerkning skum og utsjånad. Balansen er veldig god, ein flott stout med hint av litt syre på slutten, top score!
2. Kåre Teigland, Gardsguten – Saison Farmhouse
Syrleg anslag, norsk gjærstamme, bra fylde og god munnfølelse.
3. Andreas Gregor. God kontroll på temperatur. Fint belgisk gjærpreg, god munnfølelse, eit bra øl!

Svak øl: (berre kåring av 1. pl. då færre konkurrentar i høve sterkøl)
1. Tomas Gjerde. Konrad Stout
Kjempe god, fint balansert, litt svak på munnfølelse, men det er ein øl på 4,7 %

Program og stands på Torgdag laurdag 26. september

stand-1-nyhendestand-4-nyhendeTrykk på Torgdag-Matamål-OK- lenken for å sjå program Torgdag og alle standa som kjem på Torgdagen: Torgdag-Matamål-OK