I helga som kjem bør du nyte maten ute

Det er oppfordringa frå Matamålfestivalen. I år etter år har festivalen skapt liv, røre og matglede på Sandane. Veka som kjem er inget unntak, og laurdag 29. september vert det på nytt yrande lokalmatmarknad, open gard med dyr og aktivitetar for store og små på Heraldsplassen.

Matamål har blitt eit utruleg populært arrangement. I fjor sette vi ny rekord med besøkande og vi håpar at det også i år er mange som tek turen innom for å kose seg saman med familie og venner, seier Ingvill Hestenes som er med å arrangere Matamål. 

Matfestivalen tjuvstarta allereie forrige veke med Smakskveld hos Piknikkkurven som også stiller på stand under Torgdagen laurdag 29. september. Då tek dei over torget saman med over 40 andre spennande utstillarar av frukt og grønt, kjøtt, fisk, skaldyr, bakst og bakevarer, ost og diverse.

Også i år har vi eit breitt utval av utstillarar og aktivitetar for både store og små. Så dette vert eit supert arrangement for heile familien. Borna kan spesielt glede seg til open gard med dyr, smed og hovslagar, hesteriding med Stall Rygg,  farmenkonkurransar og Barnas Matamål, fortel Hestenes.

Hybelmat og lokalmatgilde

Matamål arrangerer også kurs for studentar som vil lære seg å lage god og sunn hybelmat. Kjøkkensjef frå Gloppen Hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, har regien. Kurset skulle eigentleg arrangerast onsdag 26. september, men er utsett til etter haustferien onsdag 17. oktober. 

Dette kurset har berre 20 plassar og vert alltid fullbooka, så her må ein berre hive seg på medan ein kan, oppmodar Hestenes.

Lokalmatgilde i Kjellaren til Gloppen Hotell laurdagskveld har óg avgrensa med plassar, men har framleis billettar ute for sal for dei som vil vere med. Her vert det dekka på langbord med kaggar og lokal mat frå Gloppen, lammelår og skankar.

Etter middagen spelar trioen Vi3 opp til dans med irske låtar, dans- og festmusikk. Så her vert det god stemning, lovar Hestenes.  

Dei som vil vere med kan velje mellom å ta den heilt ut med heilaftens-middag og live musikk eller berre tinge billett til sjølve dansen, informerer ho.

Nytt i år

Laurdag 29. september blir det Inspirasjonsmøte for serveringsverksemder i Nordfjord på programmet. Nytt i år er også Trivselsskogen – Mat i Naturen som vert arrangert på søndag 30. september, og opning av Trygg i Naturen ved generalsekretær i Den Norske Turistforening Nils Øverås.

Vi vil gjerne invitere alle som vil til å bli med oss å nyte maten ute i naturen på søndag. Då tek vi i bruk det nye og flotte gapahukområde som vi har fått i Trivselsskogen og lagar mat over open eld.

 

Heile programmet til Matamål finn du her

 

Desse kjem på Torgdagen laurdag 29. september

Lokalmat Matamål

Det nærmar seg Matamål 2018 og vi har endeleg klar ei liste over utstillarar som skal vere med på Tordagen laurdag 29. september kl. 10-16. Tradisjon tru vert Sandane sentrum forvandla til eit yrande matmarknad denne dagen med mange spennande smakar og aktivitetar. Lista vår har mange kjende og kjære, så vel som nye utstillarar. Det gleder oss å sjå at her er mange som er med år etter år, og vi håpar at lista vil fortsette å vekse fram mot Torgdagen. 

Påmelde så langt:

Frukt og Grønt

  • Gardsbrenneriet (most, grønsaker) 
  • Høgt og Vilt (te, krydder, urter)
  • Mo og Jølster vgs, gardsutsal (grønsaker, poteter)
  • JUV (sylte, saft, hermetiserte bær)
  • Sunnfjord Naturmat (pesto, chutney m.m. Alt hausta i naturen)
  • Gloppen Produsentlag (frukt og poteter)
  • Påldtun Frukt og Bær (drikkeklar saft, syltetøy, gelear, hermetisk frukt, sirup, handmat av dessert)
  • Hageselskapet i Gloppen (smaksprøver frå hagen)

Kjøtt og kjøttprodukt 

  • Fjord Gardsmat (pølser, burgerkjøtt)
  • Jevnlidgården (spekepølse, kjøttbolar, julepølse)
  • Kandal Kjøtt (kjøttprodukt av geit og kje)
  • Kandalteltet med Neretunet, Løvland Gard, Nyheim Gard, Vanberg Gard, Sølvane Gard og Nes Gard (ferskkjøtt, spekemat, varmmat, skinn)
  • Norges Mat (pølser)
  • Gloppen Hotell (karbonader, pålegg)
  • Matamål (sal middag, sosekjøtt med råvarer frå Nordfjord kjøtt og vatn frå Oldenvatn)

Fisk, skalldyr og fiskeprodukt

  • Kystkulturlaget i Vågsøy (tørrsild)
  • Svanøy Laks (kaldrøykt- og varmrøykt laks)
  • Båten Iris (sal av sjøkreps)
  • Frøysagarden (røykelaks)
  • Nordfjordbåtlaget (kokte krabber, fiskesuppe, svele, saft og kaffi)

Bakst og bakevarer 

  • Mor Sigfrids Bakst (natronkaker, lefse og gombe)
  • Gloppen Bygdekvinnelag (kakebord)
  • Håjen (lefse, flatbrød, natronkaker, fiskebrød)
  • Natronkaker Kårstad (natronkaker)
  • Ferske Smakar (kaker og konditorivarer)
  • Vaffleriet (minipannekaker og sirupsvafler)
  • Fjellestad Gardskjøken (lefse, gombe, dravle, rømegraut, skvettebørd (fiskelefse))

Ost

  • Selseng Gardsysteri (salatost, brun geitost)
  • Tine Ambassadører (smaksprøver ost)

Diverse 

  • Ryssdal Vaktel (vaktelegg)
  • Støylen Egg (økologiske egg)
  • Barnas Matamål (matsal og aktivitetar for store og små)
  • Piknikkurven (nettbutikk med utsal på Sandane)
  • Italienske produkter
  • Amporn Evebø (thaimat)
  • Tokki Thai Mat (thaimat)
  • Sandane Thaimat (thaimat)
  • Branson (traktor)
  • Eik Senteret Førde (traktor)
  • Tystad.no (sal, sørvis og reperasjon – utstyr for skog, heim og hage)
  • Gloppen Bondelag (medarrangør)
  • Sogn og Fjordane Bondelag (medarrangør)
  • Visit Nordfjord
  • Gloppen SV
  • Gloppen SP
Følg med på kva som skjer!

Vi oppdaterer lista etter kvart som vi får fleire påmelde. Om du vil følgje med på kva som skjer på Matamålfestivalen, så finn du oss på Facebook!

Ynskjer du å stille ut på Matamål?

Meld deg på her

 

Vil gjenta suksessen frå i fjor

På Matamålfestivalen er det Vg2-elevane frå Landbruk og gartnarnæring på Mo og Øyrane vidaregåande skule som står for grønsakssalet. 

– Vi har stortsett vore med i alle åra Matamålfestivalen har pågått. Det er berre nokre få unntak der vi ikkje har vore med, og elevane synest at det er veldig kjekt å vere med, fortel Nils Jørgen Helgheim, som er lærar i Planteproduksjon.

Han reiser saman med elevane til Torgdagen. I faget hans lærer dei å dyrke ulike grønsaker frå såing, planting , gjødsling, hausting og sortering.

 

Eiga elevbedrift

– På Torgdagen får elevane erfare korleis det er møte kundar og selje det som dei har dyrka, seier Helgheim.

Det er elevane sjølv som tenar pengane frå salet som går til elevbedrifta deira. Overskotet frå Matamål utgjer inntekt til elevbedrifta til klassen. Bedrifta har enno ikkje noko namn, men det kjem til hausten når semesteret er i gang. Pengane dei tener vil mest sannsynleg vere med på å dekke skuletur, og elevane fordeler fortenesta frå salet  basert på innsatsen som dei legg ned. I forkant av festivalen skal dei hauste inn grønsaker av alle slag som dei tek med seg til Torgdagen.

– Vi har med alt frå blomkål, brokkoli, gulrot, kål, løk, purre og potet, forklarar Helgheim.

 

Stor suksess i fjor

I fjor hadde skulen ein knallsuksess på Torgdagen. Alt av grønt vart utseld. Ikkje ei gulrot låg att.

– Vi håpar på eit like bra resultat i år. No må vi berre krysse fingrane for at vêret gir oss mykje å hauste. Om vi er heldige, så får vi med oss eit rikhaldig utval av ulike typar grønt. Vi får også håpe at vi er heldige med vêret under sjølve festivalen, for det spelar inn på mange vis, seier han.

– Men uansett vêr og vind, kvifor bør folk ta turen til Matamål og standen dykkar?

 – Her får de kortreist mat som er relativt lokalt dyrka då grønsakene ikkje kjem lengre enn frå Førde. Grønsakene er også hausta berre nokre dagar før sjølve festivalen. Så her er ein sikra heilt ferske grønsaker med god kvalitet og gode smakar.

 

Les også: Signes Raspeball stiller med Norges beste raspeballar

 

Har du lyst til å delta som utstillar? 

Har du god mat/drikke du vil selje på ein av Vestlandet sine beste matmarknader? Meld deg på til Torgdagen 30. september.

 

 

 

Signes Raspeball stiller med Norges beste raspeballar

Påmeldingane til Torgdagen laurdag den 30. september har begynt å tikke inn og vi har gleda av meddele at blant dei finn du Signes Raspeball som kjem tilbake som utstillar på Matamål med Norges beste raspeballar.

Matamål har vert ein veldig kjekk og innhaldsrik oppleving dei to åra eg har vore med. Her er det masse folk, god stemning og mange gode utstillerar, fortel Signe Nydal.

Signe starta det som vi i dag kjenner som Signes Raspeball saman med mannen sin Gunnar på 90-tallet under namnet Sunnfjord Konservering. Etter å ha jobba på skobutikk i mange år fann ho ut at ho ville starte sitt eige firma og ikkje lenger jobbe for andre. Bedrifta har frå starten av vore eit familiefirma som har satsa på tradisjonsrike raspeballar og har blitt eit kjært og velkjend produkt her til lands. I april i år fekk dei tildelt Spesialitetsmerke, og dei er dei einaste raspeballane i Norge som har blitt pryda med dette stempelet. I 2015 var dei også med på Matkontrollen på TV2 der dei vant tevlinga om tittelen: Norges Beste Raspeball.  

Nær og kjend matrett

At det var raspeballar som vart satsinga kjem nok av at eg har vokse opp med raspeballar frå eg var ei lita jente og mora mi var veldig dyktig på kjøkkenet. Raspeballar har alltid vore ein nær og kjend matrett i vår familie. Så eg har vore utruleg heldig som får jobbe med det i vaksen alder. Eg har også vore veldig heldig med at eg har hatt med meg mange flinke folk heile vegen som har hjelpt meg med å få til eit så godt og kjend produkt, smiler Signe.

For suksessen kjem ikkje utan den enorme, lange og beinharde innsatsen som både ho sjølv, familie og gode vener har lagt ned i bedrifta.

Vi er utruleg stolte over at vi har jobb til 5 årsverk året rundt, og for at vi skal kunne drive slik vi gjer i dag så er vi avhengig av å ha slike trufaste og gode kundar som vi har på hand i dag, seier Signe.

100 tonn raspeballar i året

Pr. i dag lagar Signes Raspeball omtrent 100 tonn raspeballar i året for hand. Dei får hjelp av maskiner til å lage deiga, men sjølve raspeballane er laga for hand, nett som om dei er heimelaga og frå ditt eige kjøkken understrekar Signe.

I tillegg til å lage Norges beste raspeballar, lagar dei Førdes beste heimelaga betasuppe til ulike typar arrangement. Dei held til vanleg til i Førde, men den 30. september kjem dei altså innom Torgdagen på Matamål Festivalen.

 Då har vi med oss handlaga raspeballer M/flesk og U/flesk. Det er dei to variantane folk frå Vestlandet kjenner mest til og er godt vande med. Det skal lukte raspeballar og pinnekjøtt i frå kjelane våre når vi står på standen vår på Matamål den dagen, lovar Signe.

Kanskje konkurranse?

I tillegg til å kunne lukte og smake på Norges beste raspeballar, kvifor meiner du at folk bør ta turen til Matamål Festivalen i år?

Folk burde ta turen til Matamål av den enkle grunn at det er enormt mange gode og lokale produkt som står på utstilling. Vi skal vise oss frå vår beste side og håpar at folk får ei god og positiv oppleving når dei har vore innom vår stand. Vi skal ha med oss flotte reklamer som vi skal dele ut til dei som har lyst på, og kanskje køyrer vi på med ein konkurranse som varer heile dagen, smiler ho lurt.

Følg Matamål på Facebook

På Facebook-sida vår kjem vi med oppdateringar om Årets Matamål Festival og eige festivalprogram når det er klart. Om du følger med får du også kanskje vite kva Signe Raspeball sin konkurranse går ut på. Følg oss her!

Firda Tidend om Matamål 2015

http://www.firdatidend.no/truleg-publikumsrekord/

Her kan du lese Matamål si messeavis digitalt :-)

Messeavisa er eit spennande informasjons-prosjekt som er nytt av året. Den er trykt i 45.000 eksemplar og er omdelt i posten for heile Sogn og Fjordane. Vi takkar Firda Tidend for eit godt samarbeid med produksjon og trykking! Takk og til annonsørane!

Her kan du lese den 🙂

Matamål si messeavis 2015

Matamål si messeavis 2015

Trykk på denne lenka:    matamål-avis 2015 med. oppløysing

Fylkesmeisterskap i heimebrygging

 

Vi utfordrar i år òg sogningar, sunnfjordingar og nordfjordingar til å tevle om kven som lagar det beste heimebrygga ølet i fylket. Fylkesmeister-tevlinga i fjor fekk stor deltaking med mange ølbryggarar. Vi må i år avgrense til innlevering av ein sort i kvar av dei to klassane. Meisterskapet går som i fjor i to klasser: over og under 4,7%. Innlevering av to flasker av kvar sort til Gloppen Hotell innan 23. september. Husk å merke flaskene med klasse og namn (både øl og bryggar).

Kåringa skjer under Ølsmakinga på Gloppen Hotell 25. september med premiering. Billettar: www.trivselshagen.no og heradshuset.

Bilde: Fjorårets suverene fylkesmeister, Kåre Teigland, vert her intervjua av programleiar Johannes Øvretveit.

Ølsmaking fredag 25. sept. kl. 20.00 på Gloppen Hotell

Ølsmakinga på Gloppen Hotell har vore ein suksess, og vi kliner til att i år og.

Programleiar er Stian Sjursen Takle. Stian er ein dreven hobbyølbryggar og er ei kjent røyst frå NRK Sogn og Fjordane.

Dei 4 regionale microølbryggeria Gloppen Øl, Kinn, Balder (Leikanger) og Trollbryggeriet (Liabygda på Stranda).

• Presentasjon av dei 4 bryggeria
• Presentasjon av ulike ølsortar og ølsmakingsrunder frå bryggeria
• Underhaldning ved Austrheim Mannskor
• Kåring av fylkets beste heimebrygg (utlyst konkurranse)
• Blindtestkonkurranse mellom bordlaga med premiering.

photo.php

Stian Sjursen Takle leier oss gjennom ein smakfull ølkveld.

GTBptSF6zz33WWYqAcpQ8FY3x27J8NEt8Mkp8Hv7T9Q

Fylkesmeister i heimebrygging Kåre Teigland vert intervjua av programleiar Johannes Øvretveit i fjor.

Ølsmak 2

Jon Slagstad var ein av 14 servitørar som serverte gjestane.

Aldersgrense: 18 år

Pris: kr. 600,-

Bilettar: www.trivselshagen.no og Heradshuset

Rekordpåmelding til Torgdagen på laurdag!

Vi nærmar oss 50 påmelde stand, der over 40 stykker er matprodusentar og vil by fram masse god mat og drikke.  Heile 15 matstandar av desse er nykommarar på Matamål. Tre av desse tek turen heilt frå Molde og Ulsteinvik!  Heine Totland vil lose oss gjennom dagen og Nils T Bjørke står for den formelle opninga kl. 11.00. De får oppleve det største? kakebordet i fylket som Gloppen Bygdekvinnelag byr fram. Vi har Barnas eigen restaurant og auksjon med Odd-Bjørn kl. 15.00. Som i fjor vert det sal av sosekjøt ved matteltet frå kl. 11.30, Nordfjord Kjøtt syter for gode råvarer! For dei som likar kortreist øl, vert det høve til å kjøpe smaksprøver i eige øltelt bak Gloppebua. Ingen treng å gå hverken svoltne eller tørste heim denne dagen.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 12.35.33