Den største Torgdagen nokosinne

Det er under ei veke igjen til Matamålfestivalen tek over Sandane og allereie klart at Torgdagen 30. september blir den største nokosinne med over 50 utstillarar.

– 6 av desse er med på festivalen for første gang, og det er utruleg kjekt å sjå at Matamål held fram med å vekse seg større, fortel festivalansvarleg Sigmund Vereide.

Dei nye produsentane som stiller er Abbel med tradisjonsmat av kjøt og fisk frå Davik, Selseng Gardsysteri med ekte brun geitost og salatost, Sølvane Gard med geitekjøtt, kjekjøtt og skinn, Krokstad Gardsmat med heimelaga ost og pølser, Maya AS, også kjent som Oliven, og Frøysagarden med cognacmarinert gravlaks, varmrøykt krydderlaks, einerøykt laks, villakssider, seilaks, og sennepssaus. Ei full oversikt over alle dei andre utstillarane finn du på eventsida til Torgdagen.

Tradisjon med noko nytt og spennande

Torgdagen er eit fast innslag på programmet til Matamål med ein yrande lokalmatmarknad på Heradsplassen midt i Sandane sentrum. I år er den på laurdag den 30. september frå kl. 10-16. Her finn ein også farmen-området med gardsdyr, ein ekte smed i arbeid og leik og moro for store og små. Publikum får mellom anna sjansen til å delta i melkespannhalding, øksekasting og skoing av hest, og det blir ordførar-duell mellom Leidulf Gloppestad (Gloppen) og ordførar Alfred Bjørlo (Eid) som møtast til tvekamp i kunnskap.

– Festivalen er variert og tilpassa heile familien. Vi held på dei tradisjonane som vi ser fungerer godt over tid, men samstundes er det også viktig at vi fornyar oss. Det som er nytt og spennande i år er mellom anna Rakfiskkurset og Matquizen, seier Vereide engasjert.

Sjå også: Program Matamål 2017

Lærerike kurs og mange smaksopplevingar

Matamålfestivalen går over 4 dagar frå onsdag 27. oktober t.o.m laurdag 30. september. I tillegg til arrangementa som allereie er nemnde kan ein vere med på kurs i korleis lage billig, god og sunn mat, kurs i finpartering av sau/hjort, smak og lær om fermentert mat hos Piknikkurven.no, og på laurdagskvelden inviterer Gloppen Hotell til Chefs dinner og 6 rettars med vin og god drikke i stovene. Og forventingane til festivalen er store.

– Eg vonar at publikumsoppslutninga blir stor og ynskjer alle produsentane eit god sal når dei riggar seg klar for publikum 30. september. Elles er det mange smaksopplevingar som ventar og eg trur dette blir ein matfest vi seint vil gløyme, smiler Vereide.

Blir du med på festen?

Vis gjerne at du blir med på den store matfesten ved å gå inn på eventen vår på Facebook, og del den gjerne med venner og familie som du veit vil ha glede av å vere med. Vi sjåast på Matamål!