Kommunal- og regionalministeren kjem til Matamål og opnar Torgdagen :-)

Matamål er glade for at «vår eigen» kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem til Sandane for å opne Torgdagen laurdag 28. september. At ho tek seg tid til å vitje oss,  set ein ekstra spiss på fylkesfestivalen som fremmar kunnskap om mattradisjonar, matkultur og kortreist mat.