Matamål-kalenderen for 2014 er ei fin julegåva til dei som set pris på mattradisjonar og vil følge med i tida. Den første Matamål-kalenderen er endeleg komen og kan frå onsdag 18. desember kjøpast på Eikenæs Libris på Sandane.
Kalenderen har ei spanande oppskrift kvar månad frå Bodil Fjellestad Eikrem, som er kjøkkensjef på Gloppen Hotell. Det er også mange fine bilete frå Matamål 2013 og elles flotte naturmotiv. Vil du bestille, kan du gjere dette ved å sende ein mail til Sigmund Vereide: sariv@online.no og få den tilsendt for kr. 125,- + frakt.
Klikk på lenka for å sjå kalenderen for 2014!
Matamål-kalenderen 2014 (PDF)