Vi nærmar oss 50 påmelde stand, der over 40 stykker er matprodusentar og vil by fram masse god mat og drikke.  Heile 15 matstandar av desse er nykommarar på Matamål. Tre av desse tek turen heilt frå Molde og Ulsteinvik!  Heine Totland vil lose oss gjennom dagen og Nils T Bjørke står for den formelle opninga kl. 11.00. De får oppleve det største? kakebordet i fylket som Gloppen Bygdekvinnelag byr fram. Vi har Barnas eigen restaurant og auksjon med Odd-Bjørn kl. 15.00. Som i fjor vert det sal av sosekjøt ved matteltet frå kl. 11.30, Nordfjord Kjøtt syter for gode råvarer! For dei som likar kortreist øl, vert det høve til å kjøpe smaksprøver i eige øltelt bak Gloppebua. Ingen treng å gå hverken svoltne eller tørste heim denne dagen.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 12.35.33

Torsdag 18.september heldt overlege, forfattar og seksbarnsmor Berit Nordstrand eit inspirerande foredrag for dei frammøtte i Trivselshagen på Sandane. Berit er kjent for sine prisbelønte bøker, foredrag og sitt engasjement for at alle skal kunne nyte ein kvardagsmat som gir større overskot og betre fysisk og psykisk helse.
Berit-Nordstrand-2
Dei frammøtte i Trivselshagen fekk oppleve ein engasjert foredragshaldar som mellom anna fortalte om skadene eit moderne kosthald kan medføre, men også kva positive helseeffektar ein kunne oppnå ved å legge om til eit meir naturleg og næringsrikt kosthald. I dag slite mange med diffuse helseplager, noko som i følgje Berit ikkje er så rart med tanke på kva vi puttar i kroppen vår. Eit naturleg og næringsrikt kosthald kan derimot gje meir auka energi og overskot, godt humør, betre konsentrasjon og god søvn.

Takk til alle frammøtte i Trivselshagen, sponsorar og ikkje minst Berit for denne opplevinga! Dette var ein flott start på årets Matamål-festival og vi gler oss til fortsettelsen!

PS! På nettsida www.fraiva.no kan du få tips, matoppskrifter og lese Berit sin blogg.

Kom og prøv smoothiesykkel, smak på sunt snop: Møt små kokkar og servitørar på Barnas Bistro – og så lagar me popcorn i badekar!

I år som i fjor vert det mange dyr som barna kan helse på, dette har blitt ein populær tradisjon for dei yngste. Nytt av året er barnas matfestival, med eigen restaurant der du får møte små kokkar og servitørar som serverer deg kortreist mat laga frå bunnen av. Her kan barn i alle aldrar prøve smoothiesykkel, der du «trør» din eigen smoothie- og innimellom poppar me popcorn: I eit badekar!

Dette vil garantert fenge!

4H er arrangør i samarbeid med Øyrane og Mo vgs og bygdekvinnelaget. Aurland jord og hagebrukskule leverer økologiske råvarer til menyen

I samarbeid med Partnarskap for folkehelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil TINE invitere til ny samling for å setje fokus på kantina, det tilbodet den har og vår rolle som mattilbydarar.

På samlinga vi hadde sist, i mars 2013, vart vi einige om å få til fleire samlingar og danne eit nettverk. Vi har tenkt at det kan høve godt i samband med Matamål- festivalen i Gloppen, og vi har fått med SFE og Gloppen Hotell som samarbeidspartnarar. Målgruppa er kantineansvarlege og kantinetilsette.

Stad: Sandane, oppmøte på SFE

Tid: Onsdag 24.09, 10-15

Programmet for dagen:

  • Gry Tokvam informerer om folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane
  • Mattilsynet informerer om hygienereglar, oppbevaring av mat og trygg mat
  • Besøke kantina på SFE
  • Matlaging med Bodil Fjellestad Eikrem
  • Vi lagar enkle varmrettar av gode lokale råvarer
  • God mat og tid til erfaringsutveksling

Dersom ein ynskjer å gjere endringar i kantina som kan medverke til ein meir helsefremjande og triveleg arbeidsplass, er det viktig at dette arbeidet startar som eit samarbeid mellom kantinepersonale, tilsette og leiing. Då kan alle få eit eigarskap til endringar som skal gjennomførast, og det er mykje større sjanse for å lukkast. Det er ikkje sikkert at det alltid er snakk om store endringar, men variasjon i tilbod og «det å tenkje litt nytt» kan vere like viktig og miljøskapande.

Vi håpar de ynskjer å vere med oss denne dagen, og kom gjerne fleire frå din arbeidsplass.

Påmelding til bjorg.reed@tine.no eller 57 88 35 36 innan 15. september 2014.