«Alltid siste helga i september» står ved lag i 2015 og. Styringsgruppa er godt i gang med eit spanande festivalprogram og påmeldingane til torgdagen tikkar inn kvar dag no. Etter påmeldingsfristen 31. mai går prisen opp, så ikkje nøl med å meld deg på no om du har mat/drikke du ynskjer å selge laurdag den 26. september i Sandane sentrum frå 10.00 – 16.00.
Torgdagen er som tidlegare på Heradsplassen i Sandane sentrum. Det vert under Torgdagen ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne noko.
PS: Viktig at de melder kva de ynskjer å leige og kva trong de har på straum ved påmeldinga.
Prisar eks. mva: Standplass kr 600,- ved påmelding innan 31. mai, etter kr. 850.
Telt 3x3m kr. 250,-
Standbord 182x74x74 kr. 200,-
Stol kr. 50,-
Straum 1, 1 stk. 10 amp kr 100,-
Straum 2, 1 stk. 16 amp kr. 200,-
Straum 3, 2 stk. 16 amp og meir kr. 400,-
Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale
Velkomen til den 6. Matamålfestivalen, i år har vi sikra oss godt ver 🙂 (og vi har også ein plan B)