Tusen takk til publikum, produsentane og sponsorane våre, og til alle andre som har vore med på å gjere årets festival til tidenes beste Matamål. Utan at de stiller opp og viser de engasjementet de har for lokal mat og drikke hadde det ikkje vore mogleg å arrangere ein slik fantastisk festival år etter år.
I år hadde vi mange spennande arrangement på programmet, og det har vore utruleg kjekt å sjå publikumsdeltakarane våre lære seg nye matkunstar og utforske nye smakar gjennom kursa våre, matquiz, chefsdinner og Torgdagen.
Mat er eit viktig samlingspunkt for mange, også for oss i Matamål. På torgdagen klarte vi å samle fleire produsentar enn nokon sinne. Til glede for mange av dei som kom innom for å smake og handle. Saman forvandla vi Sandane sentrum til ein yrande lokalmatmarknad, og det var mange glade fjes å sjå i Farmen-området med alle dei kjekke aktivitetane som føregjekk der.
Vi har fått mange varme tilbakemeldingar frå dei som deltok, både produsentar og publikum. Produsentane har meldt om godt sal og alle seier at dei vil komme tilbake neste år! Det er dette som er drivkrafta som vi tek oss med vidare. Vi vil skape matopplevingar som samlar oss til nye Matamål!
Nok ein gong ein stor takk!
Vi sjåast på Matamål 2018!
Mvh
Sigmund Vereide
Festivalansvarleg
P.S