Oppføringer av

I helga som kjem bør du nyte maten ute

Det er oppfordringa frå Matamålfestivalen. I år etter år har festivalen skapt liv, røre og matglede på Sandane. Veka som kjem er inget unntak, og laurdag 29. september vert det på nytt yrande lokalmatmarknad, open gard med dyr og aktivitetar for store og små på Heraldsplassen. – Matamål har blitt eit utruleg populært arrangement. I […]

Desse kjem på Torgdagen laurdag 29. september

Det nærmar seg Matamål 2018 og vi har endeleg klar ei liste over utstillarar som skal vere med på Tordagen laurdag 29. september kl. 10-16. Tradisjon tru vert Sandane sentrum forvandla til eit yrande matmarknad denne dagen med mange spennande smakar og aktivitetar. Lista vår har mange kjende og kjære, så vel som nye utstillarar. […]

Takk for tidenes beste Matamål

Tusen takk til publikum, produsentane og sponsorane våre, og til alle andre som har vore med på å gjere årets festival til tidenes beste Matamål. Utan at de stiller opp og viser de engasjementet de har for lokal mat og drikke hadde det ikkje vore mogleg å arrangere ein slik fantastisk festival år etter år. […]

Den største Torgdagen nokosinne

Det er under ei veke igjen til Matamålfestivalen tek over Sandane og allereie klart at Torgdagen 30. september blir den største nokosinne med over 50 utstillarar. – 6 av desse er med på festivalen for første gang, og det er utruleg kjekt å sjå at Matamål held fram med å vekse seg større, fortel festivalansvarleg […]

Vil gjenta suksessen frå i fjor

På Matamålfestivalen er det Vg2-elevane frå Landbruk og gartnarnæring på Mo og Øyrane vidaregåande skule som står for grønsakssalet.  – Vi har stortsett vore med i alle åra Matamålfestivalen har pågått. Det er berre nokre få unntak der vi ikkje har vore med, og elevane synest at det er veldig kjekt å vere med, fortel […]

Signes Raspeball stiller med Norges beste raspeballar

Påmeldingane til Torgdagen laurdag den 30. september har begynt å tikke inn og vi har gleda av meddele at blant dei finn du Signes Raspeball som kjem tilbake som utstillar på Matamål med Norges beste raspeballar. – Matamål har vert ein veldig kjekk og innhaldsrik oppleving dei to åra eg har vore med. Her er […]

Invitasjon til stand på Torgdagen laurdag 30. september

Matamålfestivalen er den største og beste marknadsplassen for sal av lokalmat mellom Trondheim og Bergen! Tilbakemeldingane frå standane om salet i fjor var gode, og vi har eit trufast publikum som kjem på Torgdagen for å kose seg og handle mykje god mat. Torgdagen er som tidlegare på Heradsplassen i Sandane sentrum. Under Torgdagen laurdag […]