Vi nærmar oss 50 påmelde stand, der over 40 stykker er matprodusentar og vil by fram masse god mat og drikke.  Heile 15 matstandar av desse er nykommarar på Matamål. Tre av desse tek turen heilt frå Molde og Ulsteinvik!  Heine Totland vil lose oss gjennom dagen og Nils T Bjørke står for den formelle opninga kl. 11.00. De får oppleve det største? kakebordet i fylket som Gloppen Bygdekvinnelag byr fram. Vi har Barnas eigen restaurant og auksjon med Odd-Bjørn kl. 15.00. Som i fjor vert det sal av sosekjøt ved matteltet frå kl. 11.30, Nordfjord Kjøtt syter for gode råvarer! For dei som likar kortreist øl, vert det høve til å kjøpe smaksprøver i eige øltelt bak Gloppebua. Ingen treng å gå hverken svoltne eller tørste heim denne dagen.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 12.35.33

Torsdag 18.september heldt overlege, forfattar og seksbarnsmor Berit Nordstrand eit inspirerande foredrag for dei frammøtte i Trivselshagen på Sandane. Berit er kjent for sine prisbelønte bøker, foredrag og sitt engasjement for at alle skal kunne nyte ein kvardagsmat som gir større overskot og betre fysisk og psykisk helse.
Berit-Nordstrand-2
Dei frammøtte i Trivselshagen fekk oppleve ein engasjert foredragshaldar som mellom anna fortalte om skadene eit moderne kosthald kan medføre, men også kva positive helseeffektar ein kunne oppnå ved å legge om til eit meir naturleg og næringsrikt kosthald. I dag slite mange med diffuse helseplager, noko som i følgje Berit ikkje er så rart med tanke på kva vi puttar i kroppen vår. Eit naturleg og næringsrikt kosthald kan derimot gje meir auka energi og overskot, godt humør, betre konsentrasjon og god søvn.

Takk til alle frammøtte i Trivselshagen, sponsorar og ikkje minst Berit for denne opplevinga! Dette var ein flott start på årets Matamål-festival og vi gler oss til fortsettelsen!

PS! På nettsida www.fraiva.no kan du få tips, matoppskrifter og lese Berit sin blogg.

Det å lage sitt eige øl er i vinden som aldri før. Fylket har lange tradisjonar for å brygge heime, og no har det fått eit kraftig oppsving. Lagar du godt øl?

Send inn 2 flasker av kva sort til vurdering av profesjonelle ølbryggarar.

Kåring under Ølsmakingskveld på Gloppen Hotell 26. september. Premiering.

Meisterskapet i år går i to klasser: over og under 4,7%
Merk flaskene med namn, % styrke og bryggedato.

Øl til vurdering må vere Matamål i hende torsdag 25. september
Adr: Agro Business Park SA
Pb. 300, 6821 Sandane

Kontaktinfo: sariv@online.no / tlf. nr 900 70 848

Den kjende og populære foredragshaldaren Berit Nordstrand tjuvstartar Matamål ei veke før sjølve Matamålveka startar.

NYT MAT SOM KROPPEN VIL HA
mat for læring helse og trivsel
Inspirerande foredag med overlege, seksbarnsmor og livsnyter Berit Nordstrand, små grep i kvardagen for glede og overskot.

http://fraiva.no/

Opplev det enorme potensialet for helse og nytelse i rein, naturleg mat.

Foredrag, høve til å kjøpe bøker og ein prat med Berit etter foredraget. Fersk lokalmat og økologiske forfriskningar.

Bilett: Kr. 220,-

Bilettar: www.trivselshagen.no og på Heradshuset

nilstbjorke-350x200

Programmet for årets Matamål-festival er no klart. Som tidlegare blir det mellom anna arrangert skuledag ved Nordfjord Folkemuseum, hybelmatkurs, ølsmakingskveld, foredrag, vinsmaking, festkveld, torgdag og open gard. Den tradisjonelle torgdagen på laurdagen inneheld opplevingar for alle aldersgrupper. Forutan stands og sal av lokal mat, blir det skytesimulator, riding og auksjon ved auksjonarius Odd-Bjørn Hjelmeset. Klikk her eller i menyen for å sjå årets program!

 

”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” skal kårast. Er du produsent eller kjenner du nokon som fortener utmerkinga ”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane”?

Klikk her for utfylling av kandidat og grunngjeving: Årets Matprodusent

Har du forslag til Årets Matprodusent, så send begrunna forslag (sjå vedlagt skjema til utfylling)

Prisen på kr. 10.000 skal delast ut på AgroNordVest 31. oktober 2014 i Loen. Sjå statuttar under.

Nomineringa skal vere skriftleg og grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no

 

Statuttar
§1
”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” er ei utmerking som vert gjeven
første år i 2011 til ein person / gardsbruk som vektlegg spesielt å produsere
matvarer eller råstoff av beste kvalitet og under kvalitetssikra tilhøve.
Utmerkinga skal også formidle at landbruket har fokus på kvalitet i alle ledd,
at helse, miljø og tryggleik er ivareteke, og at god dyrehelse og dyrevelferd
er prioriterte område. Produksjonen skal vere sunn og økonomisk berekraftig.
§2
Samyrkeorganisasjonane, faglaga og matprodusentane i Sogn og Fjordane
får invitasjon til å nominere kandidatar. Nomineringa skal vere skriftleg og
grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no
§3
I juryen er personar med god kontakt i sektorane grønt, kjøt og mjølk.
§4
Prisen vert delt ut for 4. gong fredag den 31. oktober 2014 på AgroNordVest i
Loen. Kvar kandidat kan bli tildelt prisen ein gong.
§5
Prisen er på kr. 10.000 og diplom.

 

 

 

«Alltid siste helga i september» er nesten rett, vi startar på onsdag den 24. september med gratis hybelmatkurs med Bodil Fjellestad Eikrem for Firda-elevane. Samme dag vert det tilbod for ungdomskule-elevane i Gloppen med undervisning på Nordfjord Folkemuseum. Her vert fokuset på frukthage, eple og eplemostpressing.  Hovudrammene for programmet resten av veka er snart klart, vi vil sleppe dette etterkvart på sidene våre her og på facebook. Vi ynskjer å gjenta suksessar frå tidlegare festivalar, men vil og prøve å fornye oss ein del.  Torgdagen er som alltid på laurdag i Sandane sentrum med mange matstand med god lokalmat. Seinare på kvelden vert  det Matamål-festmiddag på Gloppen Hotell. Kven som vert med her og kva som skjer meir denne kvelden, kjem snart.   Følg med oss her på kva spanande arrangement du kan delta på under Matamål-festivalen 2014.

Matamål-kalenderen for 2014 er ei fin julegåva til dei som set pris på mattradisjonar og vil følge med i tida. Den første  Matamål-kalenderen er endeleg komen og kan frå onsdag 18. desember  kjøpast på Eikenæs Libris på Sandane.

Kalenderen har ei spanande oppskrift kvar månad  frå Bodil Fjellestad Eikrem, som er kjøkkensjef på Gloppen Hotell.  Det er også mange fine bilete frå Matamål 2013 og elles flotte naturmotiv. Vil du bestille, kan du gjere dette ved å sende ein mail til Sigmund Vereide:  sariv@online.no og få den tilsendt for kr. 125,- + frakt.

Klikk på lenka for å sjå kalenderen for 2014!
Matamål-kalenderen 2014 (PDF)

 

Matamål har fått Egil Fjellestad, som er ein erfaren sukkerøl-bryggar, til å halde kurs i samband med julemarknaden på Nordfjord Folkemuseum laurdag 14. desember.  Sukkerøl er i utgangspunktet alkoholfritt øl, men kan kan få ein svak alkoholprosent når det står ei stund. Egil har forska seg fram til ei god oppskrift, og denne kan du få vere med å prøve laurdag.

2537184_h44fb96fdaf1acf12324c_v1384766130_562x450

Kvar kursdeltakar får med seg 5 liter sukkerøl heim til jul saman med eit «kompendium» som skildrar korleis ein lagar godt sukkerøl ( oppskrift)

 

Tid:  kl. 10.30 – 12.30

Pris: kr. 500,-

Max tal deltakarar: 10 stk. (dei som melder eg på først kjem med, enno ledige plassar)

Påmelding til Sigmund Vereide på  e-post; sariv@online.no  eller tlf. nr. 900 70 848

 

Velkomne til sukkerøl-brygging og ein triveleg julemarknad på Nordfjord Folkemuseum 🙂

 

 

 

Laurdag 14. desember kl. 12.00 til 15.00, Nordfjord Folkemuseum
God gamaldags julestemning på Nordfjord Folkemuseum!I år inviterer Nordfjord Folkemuseum til god gamaldags julestemning med marknad og verkstader både ute og inne. Vi pynter tunet med granbar og julenek, og fyrer opp i grua i eldhuset og fargeriet. Det blir aktivitetar for både store og små, som garantert vil få deg i julestemning! Smakebitar frå programmet er: juleverkstad for born, kurs i sukkerøl, sal av tradisjonsmat, hestekjøring i Jølet og skumringstime!

Julegåvehandel
Det blir høve å handle julegåver, for både gardmatprodusentar og handverkarar vil selje sine produkt. Museet samarbeidar med Matamål, som vil sørge for at lokale produsentar av tradisjonsmat er på plass. Lefser og gombe, juleeple, varm eplegløgg og rømmegraut er noko av det du kan få kjøpt her. Handverksgruppa ARV vil også vere representert, og vil syne fram handverk som veving, treskjæring og rosemåling. Kom og sjå korleis dei arbeider, og kanskje finn du ei skikkeleg godbit av ei julegåve!

Kurs i brygging av sukkerøl

Har du alltid hatt lyst til å lære å brygge dit eige sukkerøl til jul? No har du sjansen å lære det av nokon som kan det! Matamål skiper til kurs der du lærer alt du treng å vite for å komme i gang sjølv. Meldt deg på kurs, eller berre stikk innom på dagen for å få eit lite glimt av denne førjulsaktiviteten prega av einerlukt.

Juleverkstad og hesteskyss
Det blir juleverkstad for born, born med foreldre kan komme å lage julepynt slik dei laga i gamle dagar. Og for ein liten sum kan alle få prøve seg på å støype lys! Ute i Jølet blir det høve å ta ein kjøretur med hest og slede eller vogn, alt etter føret. I eldhuset er det fyrt opp i grua, og her kan du bli med på takkebakst. Sjølvsagt får du smake på det du har baka! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?

Skumringstime

På ettermiddagen tenner vi lyktene i ei av dei gamle stovene, og det blir ei stemningsfull skumringstime med Elin Grytting. Kom og høyr om den forventningsfulle førjulsstemninga i ord og tonar.

Familiedag
Vi gleder oss til god, gamaldags julestemning på museet, og inviterar born i alle aldre til å ta på seg nisselua, kom som den fjøsnissen du er! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?

Gratis inngang. Velkommen til ein triveleg, tradisjonsrik julemarknad!