Fredag  27. og laurdag 28. September i Heimekontoret sine lokale i Nordstrandvegen 43  kl.20.00, kan du smake eit utval vinar laga på 100% Pinot Noir. Etter vinsmakingen serverast:

Heilsteikt kalvefilet m/ soppfrikassé.  Sjokoladefondant m/heimelaga vaniljeis. Til desserten serveres eit glass rød Recioto.

MAX 20 PLASSER PR. KVELD!Vin og Matkurs MATAMÅL 2013Pinot Noir - Mat og Vinkurs 2013

 Pris kr. 595.-

Bindande påmelding: E-post: svein.sandvold@enivest.net

Torsdag 26. september kl. 17.00 (ny tid!) inviterer Agro Business Park til ølbryggerkurs saman med ølbryggaren Geir Dvergsdal. Han hadde slikt kurs under Matamål 2011, noko som var svært populært og kursdeltakarne var godt nøgde med både kurset og ølet. Kurset går heime på garden hos Geir i Sanddal i Jølster. Under kurset får deltakarane god kjennskap til viktige moment som val av råstoff, utstyr, bryggeteknikkar og hygiene.  Når ølet er utgått (etter 3-4 dagar)samlast kursdeltakarane til  «oppskåke» og smakar på ølet. Deltakarane deler og tek med seg sin part heim etter «oppskåka». Kurset har ein kapasitet på 12 deltakar, så ikkje vent med å meld deg på om du har lyst til å delta!

 

Det vert ei matservering ved kursstart og under kurset. Kurset er forventa å vere ferdig ca kl. 22.00.

 

Pris: kr. 1.400, påmelding til Sigmund Vereide, sariv@online.no eller tlf. nr. 900 70 848

Dette er eit kurs som er perfekt for hybelbuarar som vil lære og lage god heimelaga sunn mat for ein billig penge.

Vi legg fokus på sunt og godt kosthold og ikkje minst økonomi sidan studentane ikkje har best råd.

Her vil vi lage kjøttretter, fiskerettar og masse anna godt snadder 🙂

I fjor fekk vi  gode tilbakemeldingar om at kurset var sosialt og veldig kjekt, mange elevar møtte og fekk ta del i Bodil sine gode kunnskapar.

Kom og høyr Pascale Baudonell, Undredal stølsysteri, sitt foredrag om osteproduksjon på Gloppen Hotell fredag 27. september kl. 20.00. Her får du og smake den utsøkte osten!

Pascale Baudonnel er ein av dei tre produsentane ved det kjende geitostysteriet. Ho kom til Noreg frå Frankrike i 1977 og slo seg ned i den vesle bygda Undredal i Aurlandsfjorden i Sogn. Her fann ho seg ektemannen, Ivar Bjarne Underdal, og blei både geitebonde og osteprodusent. Baudonnel vann Ingrid Espelid Hovig sin matkulturpris i 2006 og Undredal Stølsysteri fekk Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris for Sogn og Fjordane i 2007.

Undredal Stølsysteri lagar tre typar geitost. Brun Undredal er laget av geitemyse, geitemelk og litt kufløyte. Sognakvitost er ein tradisjonell hvit ost uten salt, mens Kvit Undredal er ein kvit geitost som også er salta. Den kvite geitosten vart kåra til «Årets ost» i «Det Norske Måltid» i TV 2 sin programserie.

Pris kr. 350,-. Påmelding til foredraget: sariv@online.no

Her kan du lese meir om den spanande bedrifta; http://www.undredalsost.no

Programmet for årets festival er no klart. Klikk her for å lese programmet!

stand-4-nyhende

Vi vil med dette ynskje deg velkomen til årets Matamål-festival som vert arrangert 25-29.september på Sandane i Gloppen kommune. Temaet for årets festival er storfe, men vi vil sjølvsagt syne stor bredde med ulike lokale råvarer. Det er planlagt ei rekke arrangement og kurs gjennom festivalen – og den tradisjonelle torgdagen laurdag 27.september er noko alle bør få med seg!

Vel møtt!