Torsdag 26. september kl. 17.00 (ny tid!) inviterer Agro Business Park til ølbryggerkurs saman med ølbryggaren Geir Dvergsdal. Han hadde slikt kurs under Matamål 2011, noko som var svært populært og kursdeltakarne var godt nøgde med både kurset og ølet. Kurset går heime på garden hos Geir i Sanddal i Jølster. Under kurset får deltakarane god kjennskap til viktige moment som val av råstoff, utstyr, bryggeteknikkar og hygiene. Når ølet er utgått (etter 3-4 dagar)samlast kursdeltakarane til «oppskåke» og smakar på ølet. Deltakarane deler og tek med seg sin part heim etter «oppskåka». Kurset har ein kapasitet på 12 deltakar, så ikkje vent med å meld deg på om du har lyst til å delta!
Det vert ei matservering ved kursstart og under kurset. Kurset er forventa å vere ferdig ca kl. 22.00.
Pris: kr. 1.400, påmelding til Sigmund Vereide, sariv@online.no eller tlf. nr. 900 70 848