I samarbeid med Partnarskap for folkehelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil TINE invitere til ny samling for å setje fokus på kantina, det tilbodet den har og vår rolle som mattilbydarar.
På samlinga vi hadde sist, i mars 2013, vart vi einige om å få til fleire samlingar og danne eit nettverk. Vi har tenkt at det kan høve godt i samband med Matamål- festivalen i Gloppen, og vi har fått med SFE og Gloppen Hotell som samarbeidspartnarar. Målgruppa er kantineansvarlege og kantinetilsette.
Stad: Sandane, oppmøte på SFE
Tid: Onsdag 24.09, 10-15
Programmet for dagen:
- Gry Tokvam informerer om folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane
- Mattilsynet informerer om hygienereglar, oppbevaring av mat og trygg mat
- Besøke kantina på SFE
- Matlaging med Bodil Fjellestad Eikrem
- Vi lagar enkle varmrettar av gode lokale råvarer
- God mat og tid til erfaringsutveksling
Dersom ein ynskjer å gjere endringar i kantina som kan medverke til ein meir helsefremjande og triveleg arbeidsplass, er det viktig at dette arbeidet startar som eit samarbeid mellom kantinepersonale, tilsette og leiing. Då kan alle få eit eigarskap til endringar som skal gjennomførast, og det er mykje større sjanse for å lukkast. Det er ikkje sikkert at det alltid er snakk om store endringar, men variasjon i tilbod og «det å tenkje litt nytt» kan vere like viktig og miljøskapande.
Vi håpar de ynskjer å vere med oss denne dagen, og kom gjerne fleire frå din arbeidsplass.
Påmelding til bjorg.reed@tine.no eller 57 88 35 36 innan 15. september 2014.