Kom og høyr Pascale Baudonell, Undredal stølsysteri, sitt foredrag om osteproduksjon på Gloppen Hotell fredag 27. september kl. 20.00. Her får du og smake den utsøkte osten!

Pascale Baudonnel er ein av dei tre produsentane ved det kjende geitostysteriet. Ho kom til Noreg frå Frankrike i 1977 og slo seg ned i den vesle bygda Undredal i Aurlandsfjorden i Sogn. Her fann ho seg ektemannen, Ivar Bjarne Underdal, og blei både geitebonde og osteprodusent. Baudonnel vann Ingrid Espelid Hovig sin matkulturpris i 2006 og Undredal Stølsysteri fekk Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris for Sogn og Fjordane i 2007.

Undredal Stølsysteri lagar tre typar geitost. Brun Undredal er laget av geitemyse, geitemelk og litt kufløyte. Sognakvitost er ein tradisjonell hvit ost uten salt, mens Kvit Undredal er ein kvit geitost som også er salta. Den kvite geitosten vart kåra til «Årets ost» i «Det Norske Måltid» i TV 2 sin programserie.

Pris kr. 350,-. Påmelding til foredraget: sariv@online.no

Her kan du lese meir om den spanande bedrifta; http://www.undredalsost.no