stand-1-nyhende

Over 40 stand har meldt seg på torgdagen alt, det meste av dette er mat- og drikkeprodusentar. Det ligg såleis an til at vi kan bli om lag 50 stand samla når tordagen opnar om vel tre veker. Også i år har nokon nye produsentar, og det vert spennande å smake på det dei byr fram 🙂

TORSDAG 24. SEPTEMBER

  • 17.00: Hybelmat-kurs på Firda Vgs med kjøkkensjef på Gloppen, Hotell Bodil Fjellestad Eikrem. Her lærer elevane å lage billig, god og sunn mat. Påmelding: magne.larsen@sfj.no

 

  FREDAG 25. SEPTEMBER

20.00 – 22.30: Ølsmaking på Gloppen Hotell med Stian Sjursen Takle som programleiar og 4 stk. regionale microbryggeri presenterer og serverer sitt øl (Kinn, Gloppen Øl, Balder og Trollbryggeriet)

  • Song ved Austrheims Mannskor og kåring av fylkesmeister i heimebrygg.Lagkonkurranse med blindtest på slutten av kvelden. Billett kan kjøpast på Trivselshagen.no og på Gloppen Heradshuset kr. 600,- .
  • 19.00 – 21.00: Vin og mat frå Campania Italia, HEIMEKONTORET for den gode smak 

Bli kjent med eitt av Italias mest spennande vinområder, Campania, gjennom 7 viner fra nokon av dei beste vinmarkene, blant anna fantastiske Taurasi. Pris kr. 595.- inkludert småretter. Stad; Nordstrandvegen 43 – 6823 Sandane Påmelding: svein.sandvold@enivest.net eller mobil nr. 99013049.

 

LAURDAG 26. SEPTEMBER

10.00 – 16.00: Torgdag i Sandane sentrum (sjå eige program for dagen under)

20.00: Matamålfest Gloppen Hotell, Buffet og dans. Thorstein Hatlevik, Haaheim Gard og medlem av Chefs Dinner Norge, er vert for kvelden.

19.00 – 21.00: Vin og mat frå Campania Italia, HEIMEKONTORET for den gode smak 

  • Bli kjent med ett av Italias mest spennende vinområder, Campania, gjennom 7 viner fra noen av de beste vinmarkene, deriblant fantastiske Taurasi. Pris kr. 595.- inkludert småretter. Sted;Nordstrandvegen 43 – 6823 Sandane Påmelding: svein.sandvold@enivest.net eller mobil nr. 99013049.

 

Program Torgdagen 26. september, Sandane sentrum Kl. 10.00: Opning av salsboder og stand med kortreist mat og drikke.

11.00: Opning av Torgdagen ved leiar i Sogn og Fjordane Bondelag; Anders Felde.

11.30 – 15.00: Sal av sosekjøtt med tilbehør.

11.30 – 15.00: Sal av heimelaga kaker ved Gloppen Bygdekvinnelag. Kaketeltet.

12.00 og 14.00: Demonstrasjon av saueklipping.

14.55: Kåring av beste stand.

Kl. 15.00: Auksjon ved adm. dir. Sparebanken Sogn og Fjordane Arvid Andenæs.

 

10.00 – 16.00: 

*  Open gard og Hopp i høyet * Barnas Restaurant ved Sogn og Fjordane 4H * Riding ved Stall Rygg

 

 

 

«Alltid siste helga i september» står ved lag i 2015 og. Styringsgruppa er godt i gang med eit spanande festivalprogram og påmeldingane til torgdagen tikkar inn kvar dag no. Etter påmeldingsfristen 31. mai går prisen opp, så ikkje nøl med å meld deg på no om du har mat/drikke du ynskjer å selge laurdag den 26. september i Sandane sentrum frå 10.00 – 16.00.

Torgdagen er som tidlegare på Heradsplassen i Sandane sentrum. Det vert under Torgdagen ei rekkje aktivitetar i området, matservering, besøksgard for born og auksjon for å nemne noko.

 

PS: Viktig at de melder kva de ynskjer å leige og kva trong de har på straum ved påmeldinga.

 

Prisar eks. mva: Standplass  kr 600,-  ved påmelding innan 31. mai, etter kr. 850.

Telt 3x3m                                                     kr. 250,-

Standbord 182x74x74                                  kr. 200,-

Stol                                                               kr.   50,-

Straum 1, 1 stk. 10 amp                               kr  100,-

Straum 2, 1 stk. 16 amp                               kr. 200,-

Straum 3, 2 stk. 16 amp og meir                  kr. 400,-

 

Bil/kjølebil m/utsal e.l. etter avtale

Velkomen til den 6. Matamålfestivalen, i år har vi sikra oss godt ver 🙂  (og vi har også ein plan B)

Det var kjempestor interesse for fylkesmeisterskapet og heile 17 bryggerar leverte inn over 30 ølsortar til vurdering. Dette medførte at jurien (beståande av fagfolk frå Ægir, Kinn, Balder, Trollbryggeriet og Gloppen Hotell) hadde ei stor oppgåve, ei oppgåve dei tok på stort alvor. Bildet viser jurien i aksjon fredag den 26. september på Gloppen Hotell nokon timar før Ølsmakingskvelden der vinnarane vart kåra. Vi legg ikkje ut namn på bryggarane som deltok, men dei fem første plassane med tilhøyrande namn på ølsortane. Resten av resultatlista kan deltakarane få vite meir om ved å ta kontakt med festivalsjef på tlf.nr. 900 70 848.
Svak øl poeng
Lys Ommedøl 89
Lys Lager 69
Dagen Blondine 63
Hunsrosta Kølche 62
Invikkes from 7 stars 55
 
Sterk øl
Blond Ommedøl 112
Svart Ommedøl 108
Frukost Stout 102
Gloppefjord 101
Trippel Ommedøl 100

Vi nærmar oss 50 påmelde stand, der over 40 stykker er matprodusentar og vil by fram masse god mat og drikke.  Heile 15 matstandar av desse er nykommarar på Matamål. Tre av desse tek turen heilt frå Molde og Ulsteinvik!  Heine Totland vil lose oss gjennom dagen og Nils T Bjørke står for den formelle opninga kl. 11.00. De får oppleve det største? kakebordet i fylket som Gloppen Bygdekvinnelag byr fram. Vi har Barnas eigen restaurant og auksjon med Odd-Bjørn kl. 15.00. Som i fjor vert det sal av sosekjøt ved matteltet frå kl. 11.30, Nordfjord Kjøtt syter for gode råvarer! For dei som likar kortreist øl, vert det høve til å kjøpe smaksprøver i eige øltelt bak Gloppebua. Ingen treng å gå hverken svoltne eller tørste heim denne dagen.

Skjermbilde 2014-09-26 kl. 12.35.33

Torsdag 18.september heldt overlege, forfattar og seksbarnsmor Berit Nordstrand eit inspirerande foredrag for dei frammøtte i Trivselshagen på Sandane. Berit er kjent for sine prisbelønte bøker, foredrag og sitt engasjement for at alle skal kunne nyte ein kvardagsmat som gir større overskot og betre fysisk og psykisk helse.
Berit-Nordstrand-2
Dei frammøtte i Trivselshagen fekk oppleve ein engasjert foredragshaldar som mellom anna fortalte om skadene eit moderne kosthald kan medføre, men også kva positive helseeffektar ein kunne oppnå ved å legge om til eit meir naturleg og næringsrikt kosthald. I dag slite mange med diffuse helseplager, noko som i følgje Berit ikkje er så rart med tanke på kva vi puttar i kroppen vår. Eit naturleg og næringsrikt kosthald kan derimot gje meir auka energi og overskot, godt humør, betre konsentrasjon og god søvn.

Takk til alle frammøtte i Trivselshagen, sponsorar og ikkje minst Berit for denne opplevinga! Dette var ein flott start på årets Matamål-festival og vi gler oss til fortsettelsen!

PS! På nettsida www.fraiva.no kan du få tips, matoppskrifter og lese Berit sin blogg.

Kom og prøv smoothiesykkel, smak på sunt snop: Møt små kokkar og servitørar på Barnas Bistro – og så lagar me popcorn i badekar!

I år som i fjor vert det mange dyr som barna kan helse på, dette har blitt ein populær tradisjon for dei yngste. Nytt av året er barnas matfestival, med eigen restaurant der du får møte små kokkar og servitørar som serverer deg kortreist mat laga frå bunnen av. Her kan barn i alle aldrar prøve smoothiesykkel, der du «trør» din eigen smoothie- og innimellom poppar me popcorn: I eit badekar!

Dette vil garantert fenge!

4H er arrangør i samarbeid med Øyrane og Mo vgs og bygdekvinnelaget. Aurland jord og hagebrukskule leverer økologiske råvarer til menyen

I samarbeid med Partnarskap for folkehelse i Sogn og Fjordane fylkeskommune vil TINE invitere til ny samling for å setje fokus på kantina, det tilbodet den har og vår rolle som mattilbydarar.

På samlinga vi hadde sist, i mars 2013, vart vi einige om å få til fleire samlingar og danne eit nettverk. Vi har tenkt at det kan høve godt i samband med Matamål- festivalen i Gloppen, og vi har fått med SFE og Gloppen Hotell som samarbeidspartnarar. Målgruppa er kantineansvarlege og kantinetilsette.

Stad: Sandane, oppmøte på SFE

Tid: Onsdag 24.09, 10-15

Programmet for dagen:

  • Gry Tokvam informerer om folkehelsearbeidet i Sogn og Fjordane
  • Mattilsynet informerer om hygienereglar, oppbevaring av mat og trygg mat
  • Besøke kantina på SFE
  • Matlaging med Bodil Fjellestad Eikrem
  • Vi lagar enkle varmrettar av gode lokale råvarer
  • God mat og tid til erfaringsutveksling

Dersom ein ynskjer å gjere endringar i kantina som kan medverke til ein meir helsefremjande og triveleg arbeidsplass, er det viktig at dette arbeidet startar som eit samarbeid mellom kantinepersonale, tilsette og leiing. Då kan alle få eit eigarskap til endringar som skal gjennomførast, og det er mykje større sjanse for å lukkast. Det er ikkje sikkert at det alltid er snakk om store endringar, men variasjon i tilbod og «det å tenkje litt nytt» kan vere like viktig og miljøskapande.

Vi håpar de ynskjer å vere med oss denne dagen, og kom gjerne fleire frå din arbeidsplass.

Påmelding til bjorg.reed@tine.no eller 57 88 35 36 innan 15. september 2014.

Det å lage sitt eige øl er i vinden som aldri før. Fylket har lange tradisjonar for å brygge heime, og no har det fått eit kraftig oppsving. Lagar du godt øl?

Send inn 2 flasker av kva sort til vurdering av profesjonelle ølbryggarar.

Kåring under Ølsmakingskveld på Gloppen Hotell 26. september. Premiering.

Meisterskapet i år går i to klasser: over og under 4,7%
Merk flaskene med namn, % styrke og bryggedato.

Øl til vurdering må vere Matamål i hende torsdag 25. september
Adr: Agro Business Park SA
Pb. 300, 6821 Sandane

Kontaktinfo: sariv@online.no / tlf. nr 900 70 848

photo.php  Ølsmakingskvelden under Matamål 2013 vart ein suksess som vi tek opptatt i år.

Toastmaster og programleiar er Stian Sjursen Takle. Stian er ein dreven hobbyølbryggar og er ei kjent røyst frå NRK Sogn og Fjordane.

Alle dei 4 regionale microølbryggeria deltok som i fjor; Ægir, Kinn, Balder (Leikanger) og Trollbryggeriet (Liabygda på Stranda).

• Presentasjon av dei 4 bryggeria
• Presentasjon av ulike ølsortar og ølsmakingsrunder frå bryggeria
• Underhaldning ved Gloppen Janitsjar
• Kåring av fylkets beste heimebrygg (utlyst konkurranse)
• Blindtestkonkurranse mellom bordlaga med premiering.

Aldersgrense: 18 år

Pris: kr. 550,-

Bilettar: www.trivselshagen.no og Heradshuset
(bruk: www.facebook.com/trivselshagen/app_150762508355980?ref=ts om du ikkje finn arr. på trivselshagen.no)