SJH
Dato: 23. oktober 2013

Klokka: 09:45 – 17:15

Pris: 300

Stad: Gloppen Hotell, Sandane


Om kurset/påmelding:

Korleis komme i gang med foredling av mjølk. Marknaden etterspør mjølkeprodukt med karrakter og smak, vi importerer store mengder spesialitetsostar. Har mjølka vår potensial til å bli til delikatessar som markanden etterspør? Vi tek pulsen på dette spørsmålet denne dagen. Seminaret/dagen passar for alle som er nyfikne på tema, bonde eller ikkje, ide til oppstart av mjølkeforedling eller ikkje.

Sjå meir info om kurset og påmelding:

http://landbrukskurs.no/kurs/mjolkeforedling/

Matamål takkar flotte produsentar/standhaldarar, handlande og alle som har delteke på Matamål sine arrangement denne veka. Vi rettar også ein stor takk til sponsorar og andre som har vore med å støtte Matamål. Vi gratulerer også Vereide Kjøtt for årets beste stand på Torgdagen!

Festivalveka vart avrunda i dag med Barnas Turlag og Open Gard på Støfring, men vi er alt i gang med planlegging av nye smakfulle aktivitetar 🙂

 

På Torgdagen laurdag 28. september frå 10.00 – 16.00 kan du vitje og handle med oss som står på stand i Sandane sentrum:

* Undredal stølsysteri

* Mors Sigfrid Bakst

* Kårstad Heimebakeri,

* Pitsana Kårsstad Thaimai

* Fjordameny/Gloppen Hotell

* Nordfjord kjøtt

* Påldtunet

* Fjordane Gardspresseri

* Fiskesprell, Folkehelsa i Sogn og Fjordane

* Nordfjord Folkemuseum: Separering/kinning mjølk

* Vereide Kjøtt

* Høgt og Vilt

* Kandal Kjøtt

* Gloppen Produsentlag

* Thai-mat Førde

* Fjellestad Gardskjøkken

* Ægir Bryggeri

* Kinn Bryggeri

* Balder Bryggeri

* Trollbryggeriet

* MåløyVgs, Restaurant- og matfag

* Kystkulturlaget Vågsøy

* Sogn og Fjordane Bondelag/Gloppen Bondelag

* Gloppen Bygdekvinnelag

* Agro Business Park SA

* Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane

* Bukta 4H

* Thai mat – Amporn Evebø

* Mo og Jølster Vgs

* Smulteringmannen

* Gloppen Opplæringssenter, Filipinsk mat

* Norges Mat

* Svanøy Laks

* JUV

* Lunde Turistsstasjon: Bevegleg vilt-skytesimulator

* Yngve Eide – Tai mat

* Cøliakiforeiniga i Sogn og Fjordane.

* Senterpartiet

* Humberstad Kjøtt

* Snorre Seafood

Panorama Samdrift DA og Sparebanken Sogn og Fjordane inviterer til Open Gard søndag 29. september frå kl. 12.00 -16.00. Her vert mykje spanande å sjå i fjøset. Fjordamattunet ved Kari Støfringsdal syter for noko god bakst å bite i.  Gratis og ingen påmelding 🙂

 

Her er vegen til Open Gard arrangementet hos Panorama Samdrift:

http://kart.gulesider.no/m/nvK6u

Matamål er glade for at «vår eigen» kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete kjem til Sandane for å opne Torgdagen laurdag 28. september. At ho tek seg tid til å vitje oss,  set ein ekstra spiss på fylkesfestivalen som fremmar kunnskap om mattradisjonar, matkultur og kortreist mat.

Fredagskveld på Gloppen Hotell og på Torgdagen laurdag kan du treffe Espen Lothe og kjøpe Kinn sine produkt

http://www.firda.no/nyhende/article6852006.ece

Dersom du likar krabbe er Skalldyraften noko du bør få med deg.  Vil du lære og å koke og reinske krabbe, kan du vere med på dette ved Runnevang frå kl. 12.00 samme laurdag.

Klokka 19.00 står buffèen klar og det vert servert ein aperitiff før maten. Alt dette får du for kr. 250,-. Ingen påmelding.

Matamål har i år klart å få på plass alle dei 4 regionale microbryggeria til ein smakskveld på godt «vestlandsøl».  Ægir (Flåm), Kinn (Florø), Balder (Leikanger) og Trollbryggeriet (Stranda) stiller på Gloppen Hotell og presenterer sine bryggeri og eit utval av sine ølsortar (truleg 10 sortar). Dette skjer samstundes som gjestane får smake på dei presenterte øltypane. I pausen syng Austrheims Mannskor livlege songar før kvelden vert avrunda med «blindtest» av utvalgte smakte ølsortar.  Så kårar vi avslutningsvis  det «laget» som har smakt best med i timen. Her vert smakfulle premiar til dei tre beste bordlaga 🙂 Ølsmakingskvelden vert leia av kjøgemeistar Bjørn Vollstad.

Her ølsmaking frå Ægir i Flåm

Her frå ølsmaking med Ægir i Flåm

Fredag  27. og laurdag 28. September i Heimekontoret sine lokale i Nordstrandvegen 43  kl.20.00, kan du smake eit utval vinar laga på 100% Pinot Noir. Etter vinsmakingen serverast:

Heilsteikt kalvefilet m/ soppfrikassé.  Sjokoladefondant m/heimelaga vaniljeis. Til desserten serveres eit glass rød Recioto.

MAX 20 PLASSER PR. KVELD!Vin og Matkurs MATAMÅL 2013Pinot Noir - Mat og Vinkurs 2013

 Pris kr. 595.-

Bindande påmelding: E-post: svein.sandvold@enivest.net

Torsdag 26. september kl. 17.00 (ny tid!) inviterer Agro Business Park til ølbryggerkurs saman med ølbryggaren Geir Dvergsdal. Han hadde slikt kurs under Matamål 2011, noko som var svært populært og kursdeltakarne var godt nøgde med både kurset og ølet. Kurset går heime på garden hos Geir i Sanddal i Jølster. Under kurset får deltakarane god kjennskap til viktige moment som val av råstoff, utstyr, bryggeteknikkar og hygiene.  Når ølet er utgått (etter 3-4 dagar)samlast kursdeltakarane til  «oppskåke» og smakar på ølet. Deltakarane deler og tek med seg sin part heim etter «oppskåka». Kurset har ein kapasitet på 12 deltakar, så ikkje vent med å meld deg på om du har lyst til å delta!

 

Det vert ei matservering ved kursstart og under kurset. Kurset er forventa å vere ferdig ca kl. 22.00.

 

Pris: kr. 1.400, påmelding til Sigmund Vereide, sariv@online.no eller tlf. nr. 900 70 848