Dette er eit kurs som er perfekt for hybelbuarar som vil lære og lage god heimelaga sunn mat for ein billig penge.

Vi legg fokus på sunt og godt kosthold og ikkje minst økonomi sidan studentane ikkje har best råd.

Her vil vi lage kjøttretter, fiskerettar og masse anna godt snadder 🙂

I fjor fekk vi  gode tilbakemeldingar om at kurset var sosialt og veldig kjekt, mange elevar møtte og fekk ta del i Bodil sine gode kunnskapar.

Kom og høyr Pascale Baudonell, Undredal stølsysteri, sitt foredrag om osteproduksjon på Gloppen Hotell fredag 27. september kl. 20.00. Her får du og smake den utsøkte osten!

Pascale Baudonnel er ein av dei tre produsentane ved det kjende geitostysteriet. Ho kom til Noreg frå Frankrike i 1977 og slo seg ned i den vesle bygda Undredal i Aurlandsfjorden i Sogn. Her fann ho seg ektemannen, Ivar Bjarne Underdal, og blei både geitebonde og osteprodusent. Baudonnel vann Ingrid Espelid Hovig sin matkulturpris i 2006 og Undredal Stølsysteri fekk Innovasjon Norge sin Bygdeutviklingspris for Sogn og Fjordane i 2007.

Undredal Stølsysteri lagar tre typar geitost. Brun Undredal er laget av geitemyse, geitemelk og litt kufløyte. Sognakvitost er ein tradisjonell hvit ost uten salt, mens Kvit Undredal er ein kvit geitost som også er salta. Den kvite geitosten vart kåra til «Årets ost» i «Det Norske Måltid» i TV 2 sin programserie.

Pris kr. 350,-. Påmelding til foredraget: sariv@online.no

Her kan du lese meir om den spanande bedrifta; http://www.undredalsost.no

Programmet for årets festival er no klart. Klikk her for å lese programmet!

stand-4-nyhende

Vi vil med dette ynskje deg velkomen til årets Matamål-festival som vert arrangert 25-29.september på Sandane i Gloppen kommune. Temaet for årets festival er storfe, men vi vil sjølvsagt syne stor bredde med ulike lokale råvarer. Det er planlagt ei rekke arrangement og kurs gjennom festivalen – og den tradisjonelle torgdagen laurdag 27.september er noko alle bør få med seg!

Vel møtt!