Smakskveld hos Piknikkkurven

Torsdag 20 september, kl. 18 – 21

Vi tjuvstarter Matamål ei veke før hos Piknikkurven som byr på Smakskveld med fokus på smårettar og nyheiter. Det er gratis å smake, samt at det kan dukke opp nokon tilbud denne kvelden. Ta gjerne med ein venn og kom!

Sunn og god hybelmat

Utsett til onsdag 17. oktober, kl. 16 – 18

Kurs i sunn og god hybelmat for studentar med kokk Bodil Fjellestad Eikrem på kjøkkenet til Firda vidaregåande. Bodil, som til vanleg er kjøkkensjef på Gloppen Hotell, vil vise dykk korleis ein lagar mat som er billeg, mettande, sunn og god!

Vi jobbar i grupper og set rettane saman til ein herleg buffet som vi kosar oss med heilt til slutt. Kurset er gratis, varer frå kl. 16 – 18 og har plass til 20 studentar.

Dette har vore eit svært populært kurs kvart år, så vi anbefaler at du melder deg på så fort som råd. For påmelding ta kontakt med Bodil på bodil@gloppenhotel.no eller 48 94 32 80.    

Torgdagen og Open gard

Laurdag 29 september, kl. 10 – 16

Yrande lokalmatmarknad midt i Sandane sentrum med mange fantastiske utstillarar og aktivitetar. Mellom anna open gard med dyr, smed, hovslager og diverse farmenkonkurranser som mjølkespannhalding og øksekast.

Opning av Matamål kl. 11 v/ Trine Hasvang Vaag, Styreleder i Nortura

Her vert også auksjon og noko av det vi auksjonerer bort er:

  • Engeset Trehytter (verdi 2250)
  • Blomsterdekorasjoner laga av Vereide Blomster
  • Korg med div. lokal mat
  • Middag for 2 på Gloppen Hotell
  • Kokk heim (3 retters, max 10 personar)
  • Gloppen Aktiv

Supert arrangement for heile familien!

 

Matamål-lopper

Laurdag 29. september kl. 10.00 – 14.00

Miniloppemarknad med hovudvekt på mat-relaterte lopper hos Lopperiet (Galleri 104/gamle Glassmagasinet).

 

Inspirasjonsmøte for serveringsverksemder i Nordfjord

Laurdag 29. september oppstart kl. 10.00

Visit Nordfjord “Nordfjord Smak” inviterer alle serveringsverksemdene i Nordfjord til inspirasjon og mingling under Matamålfestivalen. Møt opp i Gloppebua der vi startar med ein introduksjon. Utforsk deretter lokalmatmarknaden og treff mange spennande lokalmataktørar for smaksprøver og ein prat.

 

Lokalmatgilde i Kjellaren

Laurdag 29. september, kl. 20.00 – 02.30

Gloppen Hotell inviterer til langbord med skankar, heile lammelår, øl i kaggar og live-musikk i kjellaren. Dei lovar mat i store mengder med mykje godt tilbehøyr og dessert, og maten er sjølvsagt lokal frå Gloppen!  

Etter middagen spelar trioen Vi3 opp til dans med irske låtar, dans- og festmusikk!

Arrangementet varer frå kl. 20:00 til 02:30. Pris pr. person 695 kr.

Det er også mogleg å komme etter middagen for å vere med på konserten frå kl. 23.00. Inngang kr. 200.

Bindande påmelding til Gloppen Hotell innan 26.september. Tlf 57865333 eller post@gloppenhotell.no

 

Trivselsskogen – Mat i Naturen

Søndag 30. september, frå kl. 13 og utover

Bli med på “Mat i Naturen” og opning av “Trygg i Naturen” i Trivelsskogen.

“Mat i Naturen” startar kl. 13. Her kan ein gå tur og nyte det nye området med gapahuker. Vi tenner bål slik at dei som vil kan lage seg mat over open eld, og det vert mogleg å kjøpe lokalmat til grilling for dei som ynskjer det.

Opning av “Trygg i Naturen” v/ generalsekretær i DNT, Nils Øverås, er klokka 16.00