Det var kjempestor interesse for fylkesmeisterskapet og heile 17 bryggerar leverte inn over 30 ølsortar til vurdering. Dette medførte at jurien (beståande av fagfolk frå Ægir, Kinn, Balder, Trollbryggeriet og Gloppen Hotell) hadde ei stor oppgåve, ei oppgåve dei tok på stort alvor. Bildet viser jurien i aksjon fredag den 26. september på Gloppen Hotell nokon timar før Ølsmakingskvelden der vinnarane vart kåra. Vi legg ikkje ut namn på bryggarane som deltok, men dei fem første plassane med tilhøyrande namn på ølsortane. Resten av resultatlista kan deltakarane få vite meir om ved å ta kontakt med festivalsjef på tlf.nr. 900 70 848.
Svak øl poeng
Lys Ommedøl 89
Lys Lager 69
Dagen Blondine 63
Hunsrosta Kølche 62
Invikkes from 7 stars 55
 
Sterk øl
Blond Ommedøl 112
Svart Ommedøl 108
Frukost Stout 102
Gloppefjord 101
Trippel Ommedøl 100