Innlegg

Torsdag 18.september heldt overlege, forfattar og seksbarnsmor Berit Nordstrand eit inspirerande foredrag for dei frammøtte i Trivselshagen på Sandane. Berit er kjent for sine prisbelønte bøker, foredrag og sitt engasjement for at alle skal kunne nyte ein kvardagsmat som gir større overskot og betre fysisk og psykisk helse.
Berit-Nordstrand-2
Dei frammøtte i Trivselshagen fekk oppleve ein engasjert foredragshaldar som mellom anna fortalte om skadene eit moderne kosthald kan medføre, men også kva positive helseeffektar ein kunne oppnå ved å legge om til eit meir naturleg og næringsrikt kosthald. I dag slite mange med diffuse helseplager, noko som i følgje Berit ikkje er så rart med tanke på kva vi puttar i kroppen vår. Eit naturleg og næringsrikt kosthald kan derimot gje meir auka energi og overskot, godt humør, betre konsentrasjon og god søvn.

Takk til alle frammøtte i Trivselshagen, sponsorar og ikkje minst Berit for denne opplevinga! Dette var ein flott start på årets Matamål-festival og vi gler oss til fortsettelsen!

PS! På nettsida www.fraiva.no kan du få tips, matoppskrifter og lese Berit sin blogg.

nilstbjorke-350x200

Programmet for årets Matamål-festival er no klart. Som tidlegare blir det mellom anna arrangert skuledag ved Nordfjord Folkemuseum, hybelmatkurs, ølsmakingskveld, foredrag, vinsmaking, festkveld, torgdag og open gard. Den tradisjonelle torgdagen på laurdagen inneheld opplevingar for alle aldersgrupper. Forutan stands og sal av lokal mat, blir det skytesimulator, riding og auksjon ved auksjonarius Odd-Bjørn Hjelmeset. Klikk her eller i menyen for å sjå årets program!

 

Matamål-kalenderen for 2014 er ei fin julegåva til dei som set pris på mattradisjonar og vil følge med i tida. Den første  Matamål-kalenderen er endeleg komen og kan frå onsdag 18. desember  kjøpast på Eikenæs Libris på Sandane.

Kalenderen har ei spanande oppskrift kvar månad  frå Bodil Fjellestad Eikrem, som er kjøkkensjef på Gloppen Hotell.  Det er også mange fine bilete frå Matamål 2013 og elles flotte naturmotiv. Vil du bestille, kan du gjere dette ved å sende ein mail til Sigmund Vereide:  sariv@online.no og få den tilsendt for kr. 125,- + frakt.

Klikk på lenka for å sjå kalenderen for 2014!
Matamål-kalenderen 2014 (PDF)