Innlegg

På Matamålfestivalen er det Vg2-elevane frå Landbruk og gartnarnæring på Mo og Øyrane vidaregåande skule som står for grønsakssalet. 

– Vi har stortsett vore med i alle åra Matamålfestivalen har pågått. Det er berre nokre få unntak der vi ikkje har vore med, og elevane synest at det er veldig kjekt å vere med, fortel Nils Jørgen Helgheim, som er lærar i Planteproduksjon.

Han reiser saman med elevane til Torgdagen. I faget hans lærer dei å dyrke ulike grønsaker frå såing, planting , gjødsling, hausting og sortering.

 

Eiga elevbedrift

– På Torgdagen får elevane erfare korleis det er møte kundar og selje det som dei har dyrka, seier Helgheim.

Det er elevane sjølv som tenar pengane frå salet som går til elevbedrifta deira. Overskotet frå Matamål utgjer inntekt til elevbedrifta til klassen. Bedrifta har enno ikkje noko namn, men det kjem til hausten når semesteret er i gang. Pengane dei tener vil mest sannsynleg vere med på å dekke skuletur, og elevane fordeler fortenesta frå salet  basert på innsatsen som dei legg ned. I forkant av festivalen skal dei hauste inn grønsaker av alle slag som dei tek med seg til Torgdagen.

– Vi har med alt frå blomkål, brokkoli, gulrot, kål, løk, purre og potet, forklarar Helgheim.

 

Stor suksess i fjor

I fjor hadde skulen ein knallsuksess på Torgdagen. Alt av grønt vart utseld. Ikkje ei gulrot låg att.

– Vi håpar på eit like bra resultat i år. No må vi berre krysse fingrane for at vêret gir oss mykje å hauste. Om vi er heldige, så får vi med oss eit rikhaldig utval av ulike typar grønt. Vi får også håpe at vi er heldige med vêret under sjølve festivalen, for det spelar inn på mange vis, seier han.

– Men uansett vêr og vind, kvifor bør folk ta turen til Matamål og standen dykkar?

 – Her får de kortreist mat som er relativt lokalt dyrka då grønsakene ikkje kjem lengre enn frå Førde. Grønsakene er også hausta berre nokre dagar før sjølve festivalen. Så her er ein sikra heilt ferske grønsaker med god kvalitet og gode smakar.

 

Les også: Signes Raspeball stiller med Norges beste raspeballar

 

Har du lyst til å delta som utstillar? 

Har du god mat/drikke du vil selje på ein av Vestlandet sine beste matmarknader? Meld deg på til Torgdagen 30. september.