God gamaldags julestemning på Nordfjord Folkemuseum!I år inviterer Nordfjord Folkemuseum til god gamaldags julestemning med marknad og verkstader både ute og inne. Vi pynter tunet med granbar og julenek, og fyrer opp i grua i eldhuset og fargeriet. Det blir aktivitetar for både store og små, som garantert vil få deg i julestemning! Smakebitar frå programmet er: juleverkstad for born, kurs i sukkerøl, sal av tradisjonsmat, hestekjøring i Jølet og skumringstime!
Julegåvehandel
Det blir høve å handle julegåver, for både gardmatprodusentar og handverkarar vil selje sine produkt. Museet samarbeidar med Matamål, som vil sørge for at lokale produsentar av tradisjonsmat er på plass. Lefser og gombe, juleeple, varm eplegløgg og rømmegraut er noko av det du kan få kjøpt her. Handverksgruppa ARV vil også vere representert, og vil syne fram handverk som veving, treskjæring og rosemåling. Kom og sjå korleis dei arbeider, og kanskje finn du ei skikkeleg godbit av ei julegåve!
Kurs i brygging av sukkerøl
Har du alltid hatt lyst til å lære å brygge dit eige sukkerøl til jul? No har du sjansen å lære det av nokon som kan det! Matamål skiper til kurs der du lærer alt du treng å vite for å komme i gang sjølv. Meldt deg på kurs, eller berre stikk innom på dagen for å få eit lite glimt av denne førjulsaktiviteten prega av einerlukt.
Juleverkstad og hesteskyss
Det blir juleverkstad for born, born med foreldre kan komme å lage julepynt slik dei laga i gamle dagar. Og for ein liten sum kan alle få prøve seg på å støype lys! Ute i Jølet blir det høve å ta ein kjøretur med hest og slede eller vogn, alt etter føret. I eldhuset er det fyrt opp i grua, og her kan du bli med på takkebakst. Sjølvsagt får du smake på det du har baka! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?
Skumringstime
På ettermiddagen tenner vi lyktene i ei av dei gamle stovene, og det blir ei stemningsfull skumringstime med Elin Grytting. Kom og høyr om den forventningsfulle førjulsstemninga i ord og tonar.
Familiedag
Vi gleder oss til god, gamaldags julestemning på museet, og inviterar born i alle aldre til å ta på seg nisselua, kom som den fjøsnissen du er! På slutten av dagen går vi alle saman med graut til nissen, spurs om vi finn han i Frislidlada?
Gratis inngang. Velkommen til ein triveleg, tradisjonsrik julemarknad!