Innlegg

Det er oppfordringa frå Matamålfestivalen. I år etter år har festivalen skapt liv, røre og matglede på Sandane. Veka som kjem er inget unntak, og laurdag 29. september vert det på nytt yrande lokalmatmarknad, open gard med dyr og aktivitetar for store og små på Heraldsplassen.

Matamål har blitt eit utruleg populært arrangement. I fjor sette vi ny rekord med besøkande og vi håpar at det også i år er mange som tek turen innom for å kose seg saman med familie og venner, seier Ingvill Hestenes som er med å arrangere Matamål. 

Matfestivalen tjuvstarta allereie forrige veke med Smakskveld hos Piknikkkurven som også stiller på stand under Torgdagen laurdag 29. september. Då tek dei over torget saman med over 40 andre spennande utstillarar av frukt og grønt, kjøtt, fisk, skaldyr, bakst og bakevarer, ost og diverse.

Også i år har vi eit breitt utval av utstillarar og aktivitetar for både store og små. Så dette vert eit supert arrangement for heile familien. Borna kan spesielt glede seg til open gard med dyr, smed og hovslagar, hesteriding med Stall Rygg,  farmenkonkurransar og Barnas Matamål, fortel Hestenes.

Hybelmat og lokalmatgilde

Matamål arrangerer også kurs for studentar som vil lære seg å lage god og sunn hybelmat. Kjøkkensjef frå Gloppen Hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, har regien. Kurset skulle eigentleg arrangerast onsdag 26. september, men er utsett til etter haustferien onsdag 17. oktober. 

Dette kurset har berre 20 plassar og vert alltid fullbooka, så her må ein berre hive seg på medan ein kan, oppmodar Hestenes.

Lokalmatgilde i Kjellaren til Gloppen Hotell laurdagskveld har óg avgrensa med plassar, men har framleis billettar ute for sal for dei som vil vere med. Her vert det dekka på langbord med kaggar og lokal mat frå Gloppen, lammelår og skankar.

Etter middagen spelar trioen Vi3 opp til dans med irske låtar, dans- og festmusikk. Så her vert det god stemning, lovar Hestenes.  

Dei som vil vere med kan velje mellom å ta den heilt ut med heilaftens-middag og live musikk eller berre tinge billett til sjølve dansen, informerer ho.

Nytt i år

Laurdag 29. september blir det Inspirasjonsmøte for serveringsverksemder i Nordfjord på programmet. Nytt i år er også Trivselsskogen – Mat i Naturen som vert arrangert på søndag 30. september, og opning av Trygg i Naturen ved generalsekretær i Den Norske Turistforening Nils Øverås.

Vi vil gjerne invitere alle som vil til å bli med oss å nyte maten ute i naturen på søndag. Då tek vi i bruk det nye og flotte gapahukområde som vi har fått i Trivselsskogen og lagar mat over open eld.

 

Heile programmet til Matamål finn du her

 

Torsdag 18.september heldt overlege, forfattar og seksbarnsmor Berit Nordstrand eit inspirerande foredrag for dei frammøtte i Trivselshagen på Sandane. Berit er kjent for sine prisbelønte bøker, foredrag og sitt engasjement for at alle skal kunne nyte ein kvardagsmat som gir større overskot og betre fysisk og psykisk helse.
Berit-Nordstrand-2
Dei frammøtte i Trivselshagen fekk oppleve ein engasjert foredragshaldar som mellom anna fortalte om skadene eit moderne kosthald kan medføre, men også kva positive helseeffektar ein kunne oppnå ved å legge om til eit meir naturleg og næringsrikt kosthald. I dag slite mange med diffuse helseplager, noko som i følgje Berit ikkje er så rart med tanke på kva vi puttar i kroppen vår. Eit naturleg og næringsrikt kosthald kan derimot gje meir auka energi og overskot, godt humør, betre konsentrasjon og god søvn.

Takk til alle frammøtte i Trivselshagen, sponsorar og ikkje minst Berit for denne opplevinga! Dette var ein flott start på årets Matamål-festival og vi gler oss til fortsettelsen!

PS! På nettsida www.fraiva.no kan du få tips, matoppskrifter og lese Berit sin blogg.

 

På Torgdagen laurdag 28. september frå 10.00 – 16.00 kan du vitje og handle med oss som står på stand i Sandane sentrum:

* Undredal stølsysteri

* Mors Sigfrid Bakst

* Kårstad Heimebakeri,

* Pitsana Kårsstad Thaimai

* Fjordameny/Gloppen Hotell

* Nordfjord kjøtt

* Påldtunet

* Fjordane Gardspresseri

* Fiskesprell, Folkehelsa i Sogn og Fjordane

* Nordfjord Folkemuseum: Separering/kinning mjølk

* Vereide Kjøtt

* Høgt og Vilt

* Kandal Kjøtt

* Gloppen Produsentlag

* Thai-mat Førde

* Fjellestad Gardskjøkken

* Ægir Bryggeri

* Kinn Bryggeri

* Balder Bryggeri

* Trollbryggeriet

* MåløyVgs, Restaurant- og matfag

* Kystkulturlaget Vågsøy

* Sogn og Fjordane Bondelag/Gloppen Bondelag

* Gloppen Bygdekvinnelag

* Agro Business Park SA

* Norsk Landbruksrådgjeving Sogn og Fjordane

* Bukta 4H

* Thai mat – Amporn Evebø

* Mo og Jølster Vgs

* Smulteringmannen

* Gloppen Opplæringssenter, Filipinsk mat

* Norges Mat

* Svanøy Laks

* JUV

* Lunde Turistsstasjon: Bevegleg vilt-skytesimulator

* Yngve Eide – Tai mat

* Cøliakiforeiniga i Sogn og Fjordane.

* Senterpartiet

* Humberstad Kjøtt

* Snorre Seafood

Programmet for årets festival er no klart. Klikk her for å lese programmet!

stand-4-nyhende

Vi vil med dette ynskje deg velkomen til årets Matamål-festival som vert arrangert 25-29.september på Sandane i Gloppen kommune. Temaet for årets festival er storfe, men vi vil sjølvsagt syne stor bredde med ulike lokale råvarer. Det er planlagt ei rekke arrangement og kurs gjennom festivalen – og den tradisjonelle torgdagen laurdag 27.september er noko alle bør få med seg!

Vel møtt!