Innlegg

Det er oppfordringa frå Matamålfestivalen. I år etter år har festivalen skapt liv, røre og matglede på Sandane. Veka som kjem er inget unntak, og laurdag 29. september vert det på nytt yrande lokalmatmarknad, open gard med dyr og aktivitetar for store og små på Heraldsplassen.

Matamål har blitt eit utruleg populært arrangement. I fjor sette vi ny rekord med besøkande og vi håpar at det også i år er mange som tek turen innom for å kose seg saman med familie og venner, seier Ingvill Hestenes som er med å arrangere Matamål. 

Matfestivalen tjuvstarta allereie forrige veke med Smakskveld hos Piknikkkurven som også stiller på stand under Torgdagen laurdag 29. september. Då tek dei over torget saman med over 40 andre spennande utstillarar av frukt og grønt, kjøtt, fisk, skaldyr, bakst og bakevarer, ost og diverse.

Også i år har vi eit breitt utval av utstillarar og aktivitetar for både store og små. Så dette vert eit supert arrangement for heile familien. Borna kan spesielt glede seg til open gard med dyr, smed og hovslagar, hesteriding med Stall Rygg,  farmenkonkurransar og Barnas Matamål, fortel Hestenes.

Hybelmat og lokalmatgilde

Matamål arrangerer også kurs for studentar som vil lære seg å lage god og sunn hybelmat. Kjøkkensjef frå Gloppen Hotell, Bodil Fjellestad Eikrem, har regien. Kurset skulle eigentleg arrangerast onsdag 26. september, men er utsett til etter haustferien onsdag 17. oktober. 

Dette kurset har berre 20 plassar og vert alltid fullbooka, så her må ein berre hive seg på medan ein kan, oppmodar Hestenes.

Lokalmatgilde i Kjellaren til Gloppen Hotell laurdagskveld har óg avgrensa med plassar, men har framleis billettar ute for sal for dei som vil vere med. Her vert det dekka på langbord med kaggar og lokal mat frå Gloppen, lammelår og skankar.

Etter middagen spelar trioen Vi3 opp til dans med irske låtar, dans- og festmusikk. Så her vert det god stemning, lovar Hestenes.  

Dei som vil vere med kan velje mellom å ta den heilt ut med heilaftens-middag og live musikk eller berre tinge billett til sjølve dansen, informerer ho.

Nytt i år

Laurdag 29. september blir det Inspirasjonsmøte for serveringsverksemder i Nordfjord på programmet. Nytt i år er også Trivselsskogen – Mat i Naturen som vert arrangert på søndag 30. september, og opning av Trygg i Naturen ved generalsekretær i Den Norske Turistforening Nils Øverås.

Vi vil gjerne invitere alle som vil til å bli med oss å nyte maten ute i naturen på søndag. Då tek vi i bruk det nye og flotte gapahukområde som vi har fått i Trivselsskogen og lagar mat over open eld.

 

Heile programmet til Matamål finn du her

 

”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” skal kårast. Er du produsent eller kjenner du nokon som fortener utmerkinga ”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane”?

Klikk her for utfylling av kandidat og grunngjeving: Årets Matprodusent

Har du forslag til Årets Matprodusent, så send begrunna forslag (sjå vedlagt skjema til utfylling)

Prisen på kr. 10.000 skal delast ut på AgroNordVest 31. oktober 2014 i Loen. Sjå statuttar under.

Nomineringa skal vere skriftleg og grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no

 

Statuttar
§1
”Årets matprodusent i Sogn og Fjordane” er ei utmerking som vert gjeven
første år i 2011 til ein person / gardsbruk som vektlegg spesielt å produsere
matvarer eller råstoff av beste kvalitet og under kvalitetssikra tilhøve.
Utmerkinga skal også formidle at landbruket har fokus på kvalitet i alle ledd,
at helse, miljø og tryggleik er ivareteke, og at god dyrehelse og dyrevelferd
er prioriterte område. Produksjonen skal vere sunn og økonomisk berekraftig.
§2
Samyrkeorganisasjonane, faglaga og matprodusentane i Sogn og Fjordane
får invitasjon til å nominere kandidatar. Nomineringa skal vere skriftleg og
grunngjeva til Sogn og Fjordane Bondelag: sogn.fjordane@bondelaget.no
§3
I juryen er personar med god kontakt i sektorane grønt, kjøt og mjølk.
§4
Prisen vert delt ut for 4. gong fredag den 31. oktober 2014 på AgroNordVest i
Loen. Kvar kandidat kan bli tildelt prisen ein gong.
§5
Prisen er på kr. 10.000 og diplom.