Dersom du likar krabbe er Skalldyraften noko du bør få med deg. Vil du lære og å koke og reinske krabbe, kan du vere med på dette ved Runnevang frå kl. 12.00 samme laurdag.
Klokka 19.00 står buffèen klar og det vert servert ein aperitiff før maten. Alt dette får du for kr. 250,-. Ingen påmelding.