Trykk på Torgdag-Matamål-OK- lenken for å sjå program Torgdag og alle standa som kjem på Torgdagen: Torgdag-Matamål-OK
Ølsmakinga på Gloppen Hotell har vore ein suksess, og vi kliner til att i år og.
Programleiar er Stian Sjursen Takle. Stian er ein dreven hobbyølbryggar og er ei kjent røyst frå NRK Sogn og Fjordane.
Dei 4 regionale microølbryggeria Gloppen Øl, Kinn, Balder (Leikanger) og Trollbryggeriet (Liabygda på Stranda).
• Presentasjon av dei 4 bryggeria
• Presentasjon av ulike ølsortar og ølsmakingsrunder frå bryggeria
• Underhaldning ved Austrheim Mannskor
• Kåring av fylkets beste heimebrygg (utlyst konkurranse)
• Blindtestkonkurranse mellom bordlaga med premiering.

Fylkesmeister i heimebrygging Kåre Teigland vert intervjua av programleiar Johannes Øvretveit i fjor.
Aldersgrense: 18 år
Pris: kr. 600,-
Bilettar: www.trivselshagen.no og Heradshuset
Matamål har fått Egil Fjellestad, som er ein erfaren sukkerøl-bryggar, til å halde kurs i samband med julemarknaden på Nordfjord Folkemuseum laurdag 14. desember. Sukkerøl er i utgangspunktet alkoholfritt øl, men kan kan få ein svak alkoholprosent når det står ei stund. Egil har forska seg fram til ei god oppskrift, og denne kan du få vere med å prøve laurdag.
Kvar kursdeltakar får med seg 5 liter sukkerøl heim til jul saman med eit «kompendium» som skildrar korleis ein lagar godt sukkerøl ( oppskrift)
Tid: kl. 10.30 – 12.30
Pris: kr. 500,-
Max tal deltakarar: 10 stk. (dei som melder eg på først kjem med, enno ledige plassar)
Påmelding til Sigmund Vereide på e-post; sariv@online.no eller tlf. nr. 900 70 848
Velkomne til sukkerøl-brygging og ein triveleg julemarknad på Nordfjord Folkemuseum 🙂