Matamål har i år klart å få på plass alle dei 4 regionale microbryggeria til ein smakskveld på godt «vestlandsøl».  Ægir (Flåm), Kinn (Florø), Balder (Leikanger) og Trollbryggeriet (Stranda) stiller på Gloppen Hotell og presenterer sine bryggeri og eit utval av sine ølsortar (truleg 10 sortar). Dette skjer samstundes som gjestane får smake på dei presenterte øltypane. I pausen syng Austrheims Mannskor livlege songar før kvelden vert avrunda med «blindtest» av utvalgte smakte ølsortar.  Så kårar vi avslutningsvis  det «laget» som har smakt best med i timen. Her vert smakfulle premiar til dei tre beste bordlaga 🙂 Ølsmakingskvelden vert leia av kjøgemeistar Bjørn Vollstad.

Her ølsmaking frå Ægir i Flåm

Her frå ølsmaking med Ægir i Flåm